LENKA FAST: I over ei veke har demonstrantar frå lokalmiljøet i Sunnfjord og miljørørsla demonstrert mot fjorddeponi i Førdefjorden. No har prosjektet fått endeleg driftsløyve. Foto: Alf Vidar Snæland / TV 2
LENKA FAST: I over ei veke har demonstrantar frå lokalmiljøet i Sunnfjord og miljørørsla demonstrert mot fjorddeponi i Førdefjorden. No har prosjektet fått endeleg driftsløyve. Foto: Alf Vidar Snæland / TV 2

Grønt lys for fjorddeponi: – Kampen er ikkje over

Nordic Mining får endeleg driftsløyve til å dumpe gruveavfall i Førdefjorden, men miljøkrava blir skjerpa. – Ikkje godt nok, seier miljørørsla, som lovar omkamp.

Fredag vedtok Nærings- og fiskeridepartementet at gruveselskapet Nordic Mining får endeleg driftsløyve til å starte det omstridde gruveprosjektet ved Engebø i Sunnfjord.

Vedtaket er endeleg og kan ikkje påklagast.

Det betyr at Nordic Mining får løyve til å dumpe 250 millionar tonn gruveslam i Førdefjorden, i arbeidet med å utvinne minerala rutil og granat.

– Dette er ekstremt skuffande. Eg meiner avgjerda er feil og feig, seier Gina Gylver, leiar i Natur og Ungdom, som samstundes lovar at kampen ikkje er over.

AKSJON: Gina Gylver, leiar i Natur og Ungdom, blei arrestert då ho demonstrerte mot fjorddeponi tidlegare denne veka. Ho seier ho er klar for å lenge seg fast på nytt. Foto: Jørgen Næss Karlsen / Natur og Ungdom
AKSJON: Gina Gylver, leiar i Natur og Ungdom, blei arrestert då ho demonstrerte mot fjorddeponi tidlegare denne veka. Ho seier ho er klar for å lenge seg fast på nytt. Foto: Jørgen Næss Karlsen / Natur og Ungdom

Sterke reaksjonar

I over ei veke, har miljøaktivistar, lokalbefolkninga og lokalpolitikarar tatt turen til bygda Vevring ved Førdefjorden, der selskapet så smått har starta arbeidet.

Politiet har rykka ut ved fleire høve for å arrestere demonstrantar som har lenka seg fast til anleggsmaskinene.

Natur og ungdomsleiaren er ei av fleire som blei fjerna med makt og som fekk ei bot på 10.000 kroner.

– Me står i ei naturkrise. Eg kjenner på eit moralsk ansvar for å ta grep og forhindre ei miljøkatastrofe. Då er sivil ulydnad eit naudsynt verkemiddel.

Også Anne-Line Thingnes Førsund reagerer sterkt på vedtaket som kom i dag. Ho er leiar i Naturvernforbundet i Sogn og fjordane, og har kjempa i årevis for å redde Førdefjorden.

– Dette er å gamble med heile norsk næringsliv sitt omdømme. Noreg har inntatt rolla som havreddar, og så tillet ein den grovaste forureininga i eigne fjordar. Noreg skjemmer seg ut, seier ho.

BORE VEKK: Onsdag denne veka blei kommunestyrerepresentant Åsmund Berthelsen (SV) arrestert då han demonstrerte mot prosjektet. Foto: Alf Vidar Snæland / TV 2
BORE VEKK: Onsdag denne veka blei kommunestyrerepresentant Åsmund Berthelsen (SV) arrestert då han demonstrerte mot prosjektet. Foto: Alf Vidar Snæland / TV 2

Skjerpar miljøkrava

Engebø-prosjektet har vore planlagt i mange år, og debatten har rasa heilt sidan første søknad blei sendt i 2008.

På grunn av motstanden mot prosjektet, reguleringsprosessar og fleire rundar innom ulike klageinstansar, har prosjektet dratt ut i tid.

Næringsmininster Jan Christan Vestre (Ap) seier likevel i dag at klagane ikkje har vore forgjeves.

– Eg har lytta til miljørørsla, og stramma inn miljøkrava i driftkonsesjonen betydeleg, seier Vestre.

Dermed må Nordic Mining møte dei nye miljøkrava før dei kan starte utvinning. Planen må bli godkjent av Direktoratet for mineralforvaltning.

Dette er dei nye krava

  • Krav om størst mogleg ressursutnytting av førekomsten. Del av overskotsmassar skal reduserast i alle prosessar, slik at behovet for deponering blir minst mogleg, basert på beste tilgjengelege drifts- og deponeringsmetodar. Selskapet skal ha mål o gplanar om årleg reduksjon av overskotsmassar, og rapportere om dette.
  • Selskapet skal utrede korleis dagbrot og underjordsdrift kan bli drive på ein slik måte at ein størst mogleg del av overskotsmassane kan bli fylt tilbake i utrdrive område.
  • Selskapet skal nytte utsleppsfrie, alternativt fossile maskiner, og ha mål og planar for årleg reduksjon av direkte og indirekte klimagassutslepp, og annan miljøpåverknad som til dømes kjemikaliebruk og avfall.

I tillegg jobbar Nærings- og fiskeridepartementet med ein ny mineralstrategi, som skal leggast fram i løpet av året. Næringsminister Jan Christian Vestre (Ap) opplyser at dei vil søke ny kunnskap om ulike deponeringsformer, og herunder vurdere framtida til sjødeponi.

Kjelde: regjeringen.no

Kenneth Nakken Angedal, driftsdirektør i Nordic Mining, seier dei er svært nøgd med at dei omsider har fått endeleg godkjenning, og at han er trygg på at dei skal møte dei nye miljøkrava.

– Me har heile vegen hatt høge krav til prosjektet vårt. Våre eigne miljøkrav har vore langt høgare enn det som låg til grunn ved første godkjenning, så eg ser ingen umiddelbare utfordringar.

Han seier likevel at dei skal sette seg godt inn i dei nye krava.

– No jobbar me med å få full finanisering til prosjektet, så håpar me å vere i gang i 2024, seier Angedal.

DEMONSTRERER: Lokalbefolkinga og miljøaktivistar demonstrerer mot fjorddeponi i Førdefjorden. Foto: Alf Vidar Snæland / TV 2
DEMONSTRERER: Lokalbefolkinga og miljøaktivistar demonstrerer mot fjorddeponi i Førdefjorden. Foto: Alf Vidar Snæland / TV 2

Kjem fleire aksjonar

Både Naturvernforbundet og Natur og Ungdom lovar at kampane ikkje er over enno.

– Førdefjorden får dei aldri, seier Thingnes Førsund.

LENKA FAST: Kommunestyrerepresentant Åsmund Berthelsen (SV) er blant dei som tidlegare i veka lenka seg fast for å hindre at anleggsarbeidet kunne starte. Foto: Alf Vidar Snæland / TV 2
LENKA FAST: Kommunestyrerepresentant Åsmund Berthelsen (SV) er blant dei som tidlegare i veka lenka seg fast for å hindre at anleggsarbeidet kunne starte. Foto: Alf Vidar Snæland / TV 2

Ho lovar at arbeidet med å redde Førdefjorden vil halde fram med full styrke.

– Dette betyr berre at ungdommar og vaksne vil kjempe enno hardare for at Førdefjorden aldri skal bli ein søppelplass for gruveindustrien. Arbeidet held fram med full styrke, seier Thingnes Førsund.

Gina Gylver i Natur og Ungdom har allereie blitt arrestert ein gong denne veka, og seier ho er klar for å lenke seg fast igjen.

Håpet er å hindre at investorar blir med på prosjektet, og på den måten hindre at selskapet får naudsyn finansiering.

– Førdefjorden er ikkje tapt. Aksjonane vil halde fram, seier Gylver.

Dette er saka

  • Gruveselskapet Nordic Mining skal utvinne rutil og granat frå Engebøfjellet i Sunnfjord. Prosjektet har skapt sterke reaksjonar, i hovudsak på grunn av det planlagde fjorddeponiet av overskotsmassar som vil bli dumpa i Førdefjorden.
  • Sidan første søknad blei send i 2008, har det vore ei rekke demonstrasjonar mot at prosjektet skal gjennomførast. Motstandarane fryktar det vil få store konsekvensar for miljøet og livet i fjorden dersom planane gjennomførast.
  • I 2015 blei utsleppsløyve, herunder spørsmålet om sjødeponi, innvilga av Klima- og Miljødepartementet i 2015. Vedtaket blei påklaga, men oppretthalde av KMD i 2016.
  • Driftkonsesjonen blei tildelt etter minerallova av Direktoratet for mineralforvalting i 2020. Vedtaket blei påklaga, og klaga blei sendt til Nærings- og fiskeridepartementet i 2020. Nærings- og fiskeridepartementet har no ferdigbehandla klagesaka og skjerpar miljøkrava i nye vilkår i driftskonsesjonen.

Relatert