Ledvin må rive huset til fordel for straumprisane

I femten år har Ledvin Uglane venta på at huset må tvangsrivast til fordel for straumprisane.

SKAL VEKK: I 15 år har Ledvin Uglane venta på at barndomsheimen kanskje må rivast. Om to år skal det vekk. Foto: Mathias Kleiveland / TV 2
SKAL VEKK: I 15 år har Ledvin Uglane venta på at barndomsheimen kanskje må rivast. Om to år skal det vekk. Foto: Mathias Kleiveland / TV 2

- Det er ikkje akseptabelt, seier fylkesordførar i Vestland, Jon Askeland (Sp).Det er ikkje det at Ledvin Uglane mistar barndomsheimen i Sogndal som er uakseptabelt, men at Statnett har brukt 15 år på oppgraderinga av ei kraftlinje mellom Sogndal og Aurland.Allereie i 2009 fekk Uglane eit brev frå kommunen om at Statnett vurderte å legge ei ny kraftlinje rett over huset hans. Den nye 420 kV linja skulle erstatte den gamle 300 Kv linja, og med det auke nettkapasiteten mellom Midt