Her er Noregs første kjønnsnøytrale bunad

Tiril Skår (24) var blant dei som sakna eit kjønnsnøytralt antrekk på 17. mai. No kjem eit etterlengta alternativ.

- Eg blei så lei av å gå i dress på nasjonaldagen, når eg hadde ei fin drakt frå før. Men eg følte meg ikkje vél i Karen-drakta eg fekk til konfirmasjonen, seier Tiril Skår frå Sandnes.Tiril er ikkje-binær og identifiserer seg ikkje som verken kvinne eller mann.I fleire år kom 24-åringen på unnskuldingar for å sleppe å gå med festdrakta på nasjonaldagen og i konfirmasjonar. Det kjendes rett og slett ukomfortabelt å bruke den fine, men feminine Karen-drakta.- Eg brukte dra