Det vanskelege valet

Lviv, Ukraina (TV 2): Ansvaret for fjorten barn tynger Oksana. Bussen er på veg mot den polske grensa og skal vidare til Norge. Valet ho straks skal ta vil bestemme framtida for heile familien.

VANSKELEG: Advokat Oksana Sobol har 14 barn. To biologiske - dei andre har ho adoptert. No må ho bestemme om ho og barna skal flykte til Norge. Foto: Oleksandr Techynsky / TV 2
VANSKELEG: Advokat Oksana Sobol har 14 barn. To biologiske - dei andre har ho adoptert. No må ho bestemme om ho og barna skal flykte til Norge. Foto: Oleksandr Techynsky / TV 2

Så lenge ho kan hugse har advokaten hatt lyst til å ha mange barn. No har ho 14 å ta seg av.Saman med advokatektemannen har ho to biologiske barn, dei andre 12 er adopterte.Abort er uvanleg i Ukraina. Prevensjon er dyrt, og mange år med krig i aust har gjort at tusenvis av barn bur på barneheim. Men 14 barn er mykje - sjølv i Ukraina.Dei fire siste foreldrelause fekk dei omsorga for då ein barneheim i Izium blei bomba for b