Hva tar folk med når de må flykte i all hast? Foto: Tom Rune Orset / TV 2

Bleier - og ein sommarkjole.

Hva tar folk med når de må flykte i all hast? Foto: Tom Rune Orset / TV 2

Men mamma Olga (35) fekk ikkje med seg noko til seg sjølv.

Hva tar folk med når de må flykte i all hast? Foto: Tom Rune Orset / TV 2

15 par sokkar.

Men Evgeniy har fint lite anna.

Hva tar folk med når de må flykte i all hast? Foto: Tom Rune Orset / TV 2

Kva får du med deg når bombene haglar og du berre har nokre minutt på å pakke?

Krigens koffert

LVIV, UKRAINA (TV 2): Millionar av menneske har flykta frå heimane sine sidan Russland invaderte Ukraina 24. februar. Dei fleste har reist i all hast.

- Eg huska ikkje eingong tannkostane, seier Sasha (19).Ho ler og ristar på hovudet. Ho står utanfor togstasjonen i byen Lviv vest i Ukraina og hutrar. Gradestokken vakar rundt frysepunktet og den sure vinden følast som den bles heilt inntil beinet.- Eg tok ikkje med nokon kle til meg sjølv heller, berre til borna, seier ho, og gir sønnen Ivan (1) ein klem.Han er kledd i ein vinterdress som er så tjukk at han nesten ikkje kan bevege seg. Storesøster Sofia (2) står i sin ro