MISTAR TITTEL: Utanriksminister i Russland, Sergej Lavrov, mista i dag æresdoktortittelen ved UiT. Her saman med utanriksminister Anniken Huitfeldt frå møtet i Barentsrådet i Tromsø i oktober. Foto: Daniel Berg Fosseng / TV 2

Lavrov fråtas æresdoktortittel ved UiT

Det vedtok eit einstemmig universitetsstyre ved Norges arktiske universitet (UiT).

Utanriksminister i Russland, Sergej Lavrov, fekk i 2011 tildelt æresdoktorat ved UiT på bakgrunn av arbeidet han gjorde ved å avklare delelinja i Barentshavet.

I grunngjevinga den gong skreiv UiT-styret at Lavrov i lag med noverande statsminister Jonas Gahr Støre, som då var utanriksminister, sette nordområda på kartet gjennom ein målretta og bevisst satsing, og bidrog til å endre folk sin oppfatning av Nord-Norge.

Men på måndag vedtok eit einstemmig universitetsstyret å fjerne Lavrov som æresdoktor i lys av den russiske invasjonen i Ukraina.

I vedtaket står det «Den russiske invasjonen av Ukraina er et brudd på folkeretten og et uprovosert angrep på en selvstendig demoraktisk stat. På bakgrunn av den russiske utenriksministeren Sergej Lavrov sitt medansvar for invasjonen fratar universitetsstyret han tittel som æresdoktor ved UiT Norges arktiske universitet.»

Saka har den siste veka engasjert politikarar og universitetstilsette, og fleire har tatt til orde for at styret burde ta frå Lavrov æresdoktoratet.

– Eg trur verken studentar eller tilsette ønsker å ha ein krigsforbrytar som æresdoktor, sa styremedlem og statsvitar Jonas Stein til avisa Nordlys sist veke.

TYDELEG: Statsvitar og styremedlem ved UiT, Jonas Stein, meiner det er klart at Lavrov ikkje lenger skal ha tittelen æresdoktor ved eit norsk universitet. Foto: TV 2
TYDELEG: Statsvitar og styremedlem ved UiT, Jonas Stein, meiner det er klart at Lavrov ikkje lenger skal ha tittelen æresdoktor ved eit norsk universitet. Foto: TV 2

Fram til no har Lavrov vore i selskap med Mikhail Gorbatsjov, Gro Harlem Brundtland, Dalai Lama og Salman Rushdie som æresdoktorar ved universitetet.

Dette er første gong nokon har mista ein æresdoktortittel ved eit norsk universitet.

Relatert