Over 800 isolerte i ti dagar: – Æ e så fette lei at du aner ikke

Etter ti dagar og to snøskred er bygda Beisfjord i Narvik framleis isolert. Men onsdag ettermiddag kom løysinga.

- No er det nok. Vi kan ikkje vente på at folk skal dø, seier Marte Kufaas, leiar i Beisfjord bygdeutval og i den lokale beredskapsgruppa.Ho er mektig lei av manglande rassikring etter at bygda har blitt ramma av to snøskred på ti dagar.Beisfjord har over 800 innbyggarar og ligg i Narvik kommune i Nordland,Søndag 16. januar gjekk det første skredet som isolerte bygda. Etter eit par dagar fekk dei opna vegen, men fredag 21. januar gjekk det eit nytt og større skred.