DØMT: 20-åringen er dømt i Vestre Finnmark tingrett for valdtekt av ei pleietrengande kvinne på omsorgsheim. Foto: Terje Pedersen
DØMT: 20-åringen er dømt i Vestre Finnmark tingrett for valdtekt av ei pleietrengande kvinne på omsorgsheim. Foto: Terje Pedersen

Mann (20) dømt for valdtekt av 90-åring

Mannen er dømt til fire og eit halvt år fengsel for valdtekt av ei totalt pleietrengande 90 år gammal dame.

Mannen (20) som måndag blei dømt i Vestre Finnmark tingrett arbeidde som nattevakt på Alta omsorgssenter kvelden valdtekten fann stad.

Der valdtok han ei 90 år gammal kvinne som var totalt pleietrengande.

Biologiske undersøkingar av kvinna viser spor av den dømte sin sæd. I retten sa 20-åringen at han ikkje kunne hugse hendinga, men nekta likevel ikkje for at det er hans sæd som er funne.

Kollegaen mannen jobba med denne kvelden gjekk for å sjå etter den dømte i 03-tida på natta. Då han høyrde den fornærma kvinna seie «au» inne frå soverommet, opna han døra og såg 20-åringen sitte på kne i senga til 90-åringen.

Kollegaen varsla ein annan kollega, før dei kl. 08 på morgonen ringde avdelingsleiaren.

Utdanna helsearbeidar

Mannen kom til Noreg som flyktning då han var barn. Han har utdanna seg som helsearbeidar, og sidan 2017 arbeidd ved forskjellige omsorgsheimar i Alta. I starten av 2021 begynte han på avdelinga kor 90-åringen budde.

Ifølge avdelingsleiaren skal mannen ha hatt plettfri vandel og gode referansar.

Spørsmål om psykisk tilstand

I retten argumenterte forsvarar med at mannen ikkje var strafferettsleg tilregneleg under handlinga. Men sakkyndige som gjorde ein rettspsykriatisk undersøking av mannen konkluderte at han var tilregneleg.

Mannen blei dømt til fire år og seks månadar fengsel. Retten meinte også at det låg fleire skjerpa omstende til grunn i saka då den fornærma var heilt forsvarslaus, ettersom ho nærast ikkje kunne bevege kroppen.

20-åringen er også dømt til å betale 175.000 kroner i erstatning til kvinna.

Forsvar til mannen, Augund Martin Krogh, seier til TV 2 at han ikkje har hatt tid til å gå gjennom dommen, men er kjent med resultatet.

– Vi vil ta ein grundig gjennomgang av dommen for å sjå om det er mogleg grunnlag for ei eventuell anke, seier Krogh.

Relatert