Stridsvogner i turistby:

– Den som kontrollerer Gotland, kontrollerer Østersjøen

Gotland, Sverige (TV 2): Mens den russiske bjørnen raslar med sabelen, aukar Sverige sitt militære nærvær fleire stader.

Om somrane er middelalderbyen Visby fullpakka med turistar. Idylliske Gotland lokkar mange hundretusen besøkande kvart år. Det er tidvis vanskeleg å bevege seg gjennom folkehavet i dei trange gatene i verdsarvbyen Visby.

Men brått ein dag er det stridsvogner som sirklar seg gjennom dei samme gatene, fulgt av soldatar væpna til tennene.

FERIEBY: Visby på Gotland er på UNESCO si verdsarvliste. Foto: Elias Engevik/TV 2
FERIEBY: Visby på Gotland er på UNESCO si verdsarvliste. Foto: Elias Engevik/TV 2

Stridsvogner i verdsarvbyen

Troppssjef Kristoffer Rahlskog hoppar ut av si beltegåande lufvernvogn nede ved havna, og kastar automatvåpenet over skuldra.

– Dette er en CV 90 luftvernsvogn, forklarer han.

– Den kan mellom anna oppdage fly og nedkjempe dei.

– Kvifor har Forsvaret auka det militære nærværet her på Gotland?

– Vi har gjort ei beredskapstilpassing mot omverda, svarer han.

Sjefen hans, regimentssjef Mattias Ardin, utdjupar overfor TV 2:

– Vi har i lang tid sett at det har blitt ein forverra sikkerhetssituasjon her i vår del av verda rundt Østersjøen. Vi ser også at det er mykje militær aktivitet elles i Europa. Den samla vurderinga blei difor å sende ekstra ressurser til Gotland, seier Ardin, som er sjef for Gotlands regiment.

Tanks og turistar

Ann Mari Bengtsson er ute og luftar hundane då Rahlskog dundrar forbi i stridsvogna sin. Ho er på besøk frå Stockholm.

Ann Mari Bengtsson er på Gotland for å besøke familie. Foto: Sonja Skeistrand Sunde / TV 2
Ann Mari Bengtsson er på Gotland for å besøke familie. Foto: Sonja Skeistrand Sunde / TV 2

– Ojdå, ler ho, mens ho kikkar bort på doningen. Ho må halde på lua i den kraftige vinden frå Østersjøen, mens hundane hennar er mest opptatt av å ete på TV2 sin mikrofon. Vi spør Bengtsson kva ho synest om stridsvogner og væpna soldater i gatene.

– Eg synest det er trygt og godt å vite at dei finst. Trusselen er jo der. Russerane ønskjer å vise seg, og då er det fint at nokon bryr seg, svarer ho med eit smil, før ho gir hundane grei beskjed om å gå fint.

Sverige rusta ned - for så å ruste opp

Militærbasen på Gotland blei gjenoppretta i 2018 etter å ha vore nedlagt sidan 2005. Nedlegginga var symptomatisk for Sveriges forsvarspolitikk på den tida, som var prega av stadige nedskjeringar etter den kalde krigens slutt på starten av 90-talet.

I 2010 kutta svenskane også ut den allmenne verneplikta og avgjorde at den skulle vere kvilande i fredstid. Det førte til eit underskot på soldatar.

Men etter at Russland annekterte Krimhalvøya i 2014, snudde den politiske stemninga. Etter det har tilskota til Forsvaret auka kraftig, fleire nye regiment har blitt oppretta, det har blitt investert i nye våpensystem, og også verneplikta blei gjeninnført i 2017.

Forsvarsministeren: – Vi er ikkje naive

Det svenske Forsvaret seier dei no har omdisponert ressursar hos alle forsvarsgreinene for å styrke sitt operative nærvær fleire stader i Sverige, men mest synleg for folk flest er det nok på Gotland. Både fly og ferjer med soldatar og materiell kom til øya 14. og 15. januar.

– Det er viktig for oss i denne situasjonen å vise at vi på ingen måte er naive og at Sverige ikkje kjem til å bli tatt på senga viss noko skjer. Vi synest det er viktig å sende signal om at vi tar situasjonen på alvor, sa forsvarsminister Peter Hultqvist (S) som grunngiving for styrkeforsterkningane.

ØSTERSJØEN: Både Russland og Nato har auka sin aktivitet i Østersjøen. Foto: Elias Engevik/TV 2
ØSTERSJØEN: Både Russland og Nato har auka sin aktivitet i Østersjøen. Foto: Elias Engevik/TV 2

Gotland er strategisk avgjerande

 Foto: Grafikk: Torleif Hamre
Foto: Grafikk: Torleif Hamre

Både regjeringa og Forsvaret peikar på at Gotland er strategisk viktig sidan øya ligg midt i Østersjøen. I øst ligg Baltikum, og i sør ligg den russiske eksklaven Kaliningrad, der Russland har sin hovedbase for Østersjøflåten.

– Den som kontrollerer Gotland, kan kontrollere Østersjøen dersom dei ønskjer det, seier regimentssjef Ardin.

Rett som det er blir Gotland samanlikna med eit gedigent hangarskip, men til forskjell frå eit ekte hangarskip har øya den fordelen at den er umuleg å senke.

– Lav risiko for angrep

Bileta av stridsvogner i gatene har vekt oppsikt langt utanom Sveriges grenser. Etter nokre dagar var både soldater og køyretøy langt mindre synlege i gatebiletet. Men regimentssjefen understrekar at dei framleis er på plass.

FORSTERKNING: Mattias Ardin er sjef for Gotlands regiment. Foto: Elias Engevik/TV 2
FORSTERKNING: Mattias Ardin er sjef for Gotlands regiment. Foto: Elias Engevik/TV 2

– Det er jo slik at vi forsterker Gotland. Då er det aktivitetar vi viser og andre som vi ikkje viser, seier Ardin, utan at han ønskjer å utdjupe.

– De stiller opp for pressa og viser fram materiell og soldatar, er det dykkar strategi å få denne forsterkninga mest muleg ut til omverda?

– Det eg jobber med her nede er å auke handlingsfriheten og informasjonsinnhentinga, og ein effekt av det er at vi er synlege og viser oss, svarer Ardin.

VISAST FRAM: Forsvaret stiller opp for TV 2s fotojournalist Elias Engevik i Visby.
VISAST FRAM: Forsvaret stiller opp for TV 2s fotojournalist Elias Engevik i Visby. Foto: Sonja Skeistrand Sunde / TV 2

– Kor stor er risikoen for et russisk angrep?

– Risikoen for eit væpna angrep mot Gotland og Sverige er lav, svarer Ardin kontant.

Forsvarsministeren har også gjort det klart at faren for eit angrep er liten, men at ingenting kan utelukkast.

Sveriges utanriksminister Ann Linde (S) seier til svenske Aftonbladet at situasjonen er svært alvorleg:

– Vi er ikkje under ein umiddelbar trussel, men vi kan ikkje utelukke at vi kan bli det i framtida.

Fryktar trusselen er større

I Visby er det mange som følger med på Russlands neste trekk. Blant dei er Svante Ørtbrant, som er barista på kafeen H 10. Han er positiv til at det har kome fleire soldatar til øya.

FØLGJER MED: Svante Ørtbrant bur på Gotland. Foto: Elias Engevik/TV 2
FØLGJER MED: Svante Ørtbrant bur på Gotland. Foto: Elias Engevik/TV 2

– Det er trist at det er nødvendig, men det er bra at Forsvaret gjer det, seier han.

– Trur du det er ein risiko for at Russland kan angripe Gotland?

– Ja, eg trur det er ein risiko for det, og kanskje ein større risiko enn folk flest trur. Men sjansen for eit angrep minsker viss vi har eit sterkt forsvar.

PÅ PLASS: Forsterkningane blir på Gotland så lenge som nødvendig, opplyser Forsvaret til TV 2. Foto: Elias Engevik/TV 2
PÅ PLASS: Forsterkningane blir på Gotland så lenge som nødvendig, opplyser Forsvaret til TV 2. Foto: Elias Engevik/TV 2

Nede ved havna er troppssjef Rahlskog i ferd med å innta det sjølvdrivne luftvernartilleriet igjen.

– Det er veldig viktig å vise kva vi kan, og at befolkninga ser at vi er i stand til å gjere det vi skal gjere, avsluttar troppssjefen, før han forsvinn ned i beltevogna og startar opp med eit drønn.