Han er egentlig gartner. Nå forbereder han seg på angrepet: – Klar til å dø

KYIV, UKRAINA (TV 2) – Sjølv om vi helst vil leve, er vi klare til å dø. TV 2 har møtt ukrainarar som trur Putin snart går til angrep, og som no melder seg som frivillige for å forsvare heimlandet.

Ein bister vind driv gjennom ruinane og dempar lyden av stølvar som trår over glasskår.

– Hold armane tettare inn mot kroppen, smell det frå instruktøren.

Den unge mannen med stålbriller og eit innbitt uttrykk knugar plankebiten han har i hendene som om han alt no står framfor ein kamp på liv og død.

Det er første dag i uniform for Danila. Til dagleg jobbar han som gartner i den ukrainske hovudstaden Kyiv.

Og Danila har sin heilt eigen grunn til å hate Putin.

Kvifor, skal du få vite litt seinare i saka.

VERVER SEG: Frivillige trenar til å bli ukrainske soldatar utanfor hovudstaden Kyiv. Foto: Pål S. Schaathun
VERVER SEG: Frivillige trenar til å bli ukrainske soldatar utanfor hovudstaden Kyiv. Foto: Pål S. Schaathun

Trener på krig

Etter å ha kjørt slalåm på ein grusveg gjennom eit skogholt, er vi inne på eit heilt spesielt område utanfor hovudstaden Kyiv.

PÅ PLASS: TV 2 sitt team i Ukraina.
PÅ PLASS: TV 2 sitt team i Ukraina.

Det ser ut som ei scene frå filmar som «Full Metal Jacket» eller «1917», og staden er heilt perfekt for å trene på krigføring i urbane strøk.

Øydelagde bygg, jern og betong. Sanddyner og litt buskas.

Det er her TV2 møter Danila, og eit 50-tals andre ukrainarar som har meldt seg som frivillige til "Forsvarsgruppa for hovudstadsterritoriet". Gruppa er ei av mange liknande i Ukraina.

Målet til dei frivillige er å bli ein del av territorrialforsvaret, eit slags ukrainsk heimevern som skal støtte opp om dei vanlege militære styrkane.

ADVOKATEN: Veronica er jurist og har tidlegare tenestegjort i Donbass-regionen aust i Ukraina. No er ho på oppfriskingskurs for å kunne delta i forsvaret av Ukraina. Foto: Pål S. Schaathun
ADVOKATEN: Veronica er jurist og har tidlegare tenestegjort i Donbass-regionen aust i Ukraina. No er ho på oppfriskingskurs for å kunne delta i forsvaret av Ukraina. Foto: Pål S. Schaathun

Sivile melder seg til teneste

Enkelte er her for første gang, andre har meir erfaring.

Felles for dei alle er er at dei til dagleg er sivile. No har frykta for snarleg krig med stormaktsnaboen Russland har fått stadig fleire utan militær bakgrunn til å melde seg til teneste.

Advokaten Victoria er også med i gjengen som får basistrening. Ho fortel at det er fordi det er lenge sidan ho sist var kledd i uniform.

I 2014 og 2015 tenestegjorde ho i styrkane som slåss i mot russisk-kontrollert milits i Donbass-regionen aust i Ukraina.

– Det betyr ikkje noko om du er advokat, lege eller soldat. Ikkje no nå landet vårt er i stor fare, seier Veronica.

– Vi må alle være klare til å dø, sjølv om vi helst vil leve, seier ho til oss.

Draumen om Stor-Russland

Den siste veka har det vore politiske samtalar mellom Russland og Nato, utan at det har ført til avspenning av situasjonen.

Vi tar oss vidare inn på treningsområdet, og inne i det som ser ut som ein utbomba fabrikk møter vi Denis.

Arkitekten framstår som ein av leiarane i gruppa, sjølv om han insisterer på at den ukrainske hæren ikkje ville ha han då han var yngre.

Denis er sikker på at det går mot konflikt mellom Russland og Ukraina.

– Putin og gjengen hans drøymer om å gjenopprette det russiske imperiet, fortel han.

ARKITEKTEN: Denis har aldri vore i militæret, men bur seg no på å forsvare Ukraina mot eit mogleg russisk angrep. Foto: Pål S. Schaathun
ARKITEKTEN: Denis har aldri vore i militæret, men bur seg no på å forsvare Ukraina mot eit mogleg russisk angrep. Foto: Pål S. Schaathun

– Er du klar til kamp?

– Ingen av oss kan eigentleg sei om han er klar eller ikkje, fortel Denis. Det viser seg først når slaget kjem.

Denis har også eit anna perspektiv på kva ein krig med Russland vil bety for kvar einskild som deltar.

– Det er gjennom kamp at det blir født noko inni oss. Noko som vi aldri før har opplevd.

Frivillige trener til å bli ukrainske soldater utenfor hovedstaden Kyiv. 15. januar 2022. Foto: Pål S. Schaathun

VINTERKRIG: Treninga av frivillige rekruttar skjer i bitande ukrainsk vinter.

Hevn for Krim

Snøflaka driv stadig tettare over terrenget, og dagslyset er på hell. I ei sandhole øver Danila og ti-tolv andre framleis på framrykking og sikring av retrett.

– Kvifor har du meldt deg til dette?

Eg vil gjerne beskytte landet mitt, seier Danila.

Orda kjem litt stotrande. Både fordi det er kaldt, men også fordi ukrainsk ikkje er morsmålet hans.

Danila snakkar eigentleg russisk, og er frå Krimhalvøya.

I 2014 annekterte Russland Krimhalvøya, stikk i strid med internasjonal lov og rett.

– Krim tilhøyrer Ukraina, ikkje Russland, held Danila fram. Orda glir lettare no.

– Har du tenkt over at du risikerer å bli drepen om det blir krig?

– Eg har allereie mista heimen min ein gang. Det skal ikkje skje igjen.

TREGEVÆR: Gartnaren Danila er eigentleg frå Krimhalvøya, men flytta etter den russiske annekteringa i 2014. Foto: Pål S. Schaathun
TREGEVÆR: Gartnaren Danila er eigentleg frå Krimhalvøya, men flytta etter den russiske annekteringa i 2014. Foto: Pål S. Schaathun

Relatert