Det nye fylket kan få under 50.000 innbyggarar

Når fylkene splittast igjen kan det største fylket i Noreg ende opp med mindre innbyggarar enn Moss kommune. – Historisk skeivdeling, seier professor.

JOKEREN: Alta kan vere avgjerande for Finnmark si framtid ved folkeavstemninga dette halvåret. Foto: Bendik Skogli / TV 2
JOKEREN: Alta kan vere avgjerande for Finnmark si framtid ved folkeavstemninga dette halvåret. Foto: Bendik Skogli / TV 2

Når Troms og Finnmark går frå eit fylke til to i løpet av dei neste to åra, kan fylkesgrensene sjå heilt annleis ut enn det dei gjorde før samanslåinga.Finnmark risikerer å miste den mest folkerike kommunen i fylket, og med det få eit innbyggartal på storleik med ein middels stor by i Noreg. Då vil det vere det største fylket i areal, men med færrast innbyggarar.- Det vil vere ei historisk skeivdeling å ha fylke med ein million innbyggarar kontra fylke med mindre enn 50.000. Det