Christian (39) får ikkje lenger medisinen som hjelper han å puste

I to månadar har Christian Lawley fått ein smakebit på korleis livet er når ein kan trekke pusten heilt ned i lungene. No tek Helse Bergen pusten frå han igjen.

Christian Lawley betalar 308 646 kroner for medisinen han treng for å puste. No får han ikkje lenger resept frå det offentlege helsevesenet. Foto: Tor Henning Flaatten / TV 2
Christian Lawley betalar 308 646 kroner for medisinen han treng for å puste. No får han ikkje lenger resept frå det offentlege helsevesenet. Foto: Tor Henning Flaatten / TV 2

Christian Lawley har plutseleg fått det travelt.Han har nettopp fått beskjed om at resepten på medisinen han tar for å puste, blir trekt i løpet av dagen.- Eg er sint, frustrert, lei meg, men mest av alt lamslått, seier Christian då TV 2 møter han utanfor eit apotek i Bergen.No skal han hente ut alt han kan av den dyrverdige medisinen som nok ein gang vil bli gjort utilgjengeleg for han.Lang kamp for å få medisinar