Slik dokumenterer Tommy at landet bryt lova: – Eg ville nok blitt arrestert

Tommy Olsen blir flittig brukt som informasjonskjelde hos dei største mediehusa i verda. Men i Hellas er førskulelæraren under etterforsking for menneskesmugling og spionasje.

Med hjelp frå Tommy Olsen kunne den store tyske avisa Der Spiegel avsløre i juni 2020 korleis greske myndigheiter bryt menneskerettar og europeiske lovar.

Olsen jobbar til dagleg som føreskulelærar i Tromsø. Resten av døgnet sjonglerer han rolla som familiefar og rolla som ein slags redningsmann over den krypterte kommunikasjonsappen Whatsapp for båtflyktningar som prøver å ta seg over Egeerhavet.

UNDER ETTERFORSKING: Tromsøværingen Tommy Olsen kan mest sannsynleg aldri dra tilbake til Hellas. Foto: Daniel Berg Fosseng / TV 2
UNDER ETTERFORSKING: Tromsøværingen Tommy Olsen kan mest sannsynleg aldri dra tilbake til Hellas. Foto: Daniel Berg Fosseng / TV 2

I 2015 reiset Olsen ned til dei greske øyene for å hjelpe til i flyktningkrisa. Han tok dagleg imot dei som kryssa havet frå Tyrkia til Hellas i overfylte og dårlege båtar. Det var få personar som hadde oversikt i kaoset. Derfor oppretta han Facebook-sida Aegean Boat Report (ABR) i 2017.

– Eg merka at det var eit enormt behov for informasjon. Spesielt for folk som hadde vore der nede, men etterkvart også for folk flest, seier Olsen.

Og så balla det på seg. I dag blir Olsen og ABR brukt som kjelde i store mediehus verda over. Viss Hellas bryt menneskerettar, er ofte Olsen den første til å kunne bevise det.

TVUNGE TILBAKE: Slik kan Olsen dokumentere korleis greske myndigheter drar ein båt med flyktningar tilbake over sjøgrensa til Tyrkia. Foto: Privat
TVUNGE TILBAKE: Slik kan Olsen dokumentere korleis greske myndigheter drar ein båt med flyktningar tilbake over sjøgrensa til Tyrkia. Foto: Privat

– Hundrevis av videoar og bilde

Som når Hellas i oktober i år blei anklaga for å bryte europeisk og internasjonal lov ved å prøve å tvinge eit skip med nærare 400 flyktningar tilbake i tyrkisk territorium. Ved hjelp av dokumentasjon frå Olsen kunne blant anna The Guardian fortelje om korleis gresk kystvakt slepte skipet i fire dagar før dei blei tvungen til å slepe det til land.

– Dei to siste åra så har ikkje berre eg, men ganske mange organisasjonar og nyheitsmedium rundt omkring i Europa jobba ganske intenst med å skaffe god dokumentasjon på kva som skjer, seier Olsen.

Slik som med hendinga i oktober fekk Olsen tilsendt geolokasjonen til flyktningane, og kunne sjå korleis skipet dreiv att og fram langs den greske kystlinja. Han mottar også videoar frå flyktningane. Dei dokumenterer ofte brutaliteten menneska blir utsett for.

I HAVSNØD: Når båtflyktningar er i havsnød eller blir utsett for makt og vald i Egeerhavet, ringer dei Tommy Olsen. Foto: Privat
I HAVSNØD: Når båtflyktningar er i havsnød eller blir utsett for makt og vald i Egeerhavet, ringer dei Tommy Olsen. Foto: Privat

– Det eksisterer hundrevis av videoar og bilde av dette, så det bør ikkje vere noko tvil om kven som gjer kva.

Tromsøværingen kan mest sannsynleg aldri dra tilbake til Hellas.

Mistenkt for menneskesmugling

– Skulle eg finne på å reise der ville eg nok blitt arrestert, seier Olsen.

Han er under etterforsking for menneskesmugling og spionasje på grunn av arbeidet han gjer gjennom Aegean Boat Report.

– Greske myndigheiter ønsker sjølvsagt ikkje at denne informasjonen skal komme ut. Dei ønsker jo ikkje å erkjenne at det skjer i det heile. Når ein då kan gong på gong bevise at det skjer, og i tillegg samarbeider veldig tett med internasjonal presse som legg press på EU, og som igjen kontaktar Hellas, så blir det eit problem for dei. Måten å bli kvitt det problemet er å skremme dei som jobbar med det, slik som meg, forklarer Olsen.

Han nektar for at han på nokon måte har hjelpt folk med å krysse landegrenser.

– Det skjer at folk ringer meg i Tyrkia og ønsker hjelp til å komme seg til Hellas. Men eg har alltid og konsekvent sagt at det ikkje er noko eg hjelper med, seier Olsen.

Kidnapping og våpenbruk

Det heile starta med at Olsen utveksla telefonnummer til familiar som hadde mista kvarandre på reisa til Hellas. Fann han den sakna, kunne han vere med å gjenforene dei på den måten. I dag har det utvikla seg til at desperate menneske på flukt over Egeerhavet kontaktar Olsen viss dei er i havsnød, eller blir utsett for «pushbacks».

– Båten tar inn vatn, eller så har gresk kystvakt fjerna motoren, så båten berre ligg og driv. Då kontaktar dei meg, seier Olsen.

Tal på «pushbacks» i Egeerhavet har auka enormt det siste året. Ifølge ABR var det dokumentert 599 «pushbacks» med over 15.000 menneske fra januar til midten av desember i år.

«Pushbacks»

  • Viss ein asylsøkar blir fysisk tvinga tilbake over landegrensa den nettopp kryssa av myndigheitene i landet den kom til, blir det kalla «pushback».
  • «Pushbacks» hindrar flyktningar og migrantar i å søke asyl i landet dei kjem til, då pushbacks oftast skjer berre timar etter at ein kryssa grensa.
  • Alle asylsøkarar har rett til å bli i landet dei søker asyl i fram til saka er blitt ferdig behandla. Derfor er «pushbacks» i strid med blant anna Den europeiske menneskerettskonvensjonen og retten til asyl.

Kilde: ECCHR og Statewatch

Olsen kan motta mellom 60 til 100 meldingar i løpet av ei veke. Der får han videoar og bilde av gresk kystvakt som kappar bensinslangar, fjernar motorar frå båtar eller skyt mot båten flyktningane og asylsøkarane sit i.

– Gummibåtar blir angripe av militært personell som kuttar bensinslangen eller fjerner heile påhengsmotoren. Så drar dei båten ein plass der vinden fraktar den over på tyrkisk side igjen.

SKJER OFTARE: At gresk kystvakt hindrar flyktningar i å søke asyl, skjer oftare og oftare i følge tala til Aegean Boat Report. Foto: Privat
SKJER OFTARE: At gresk kystvakt hindrar flyktningar i å søke asyl, skjer oftare og oftare i følge tala til Aegean Boat Report. Foto: Privat

TV 2 har gjentatte gongar bedd om ein kommentar frå greske myndigheitar, utan hell. I andre media har Hellas nekta for all form for «pushbacks» og brudd på mennskerettane.

- Asylretten under press

Slike «pushbacks» er utan tvil ulovlege, ifølge FN.

– «Pushback» er først og fremst ulovleg fordi det risikerer å ta frå menneske retten til å søke asyl. Retten til å søke asyl er ein grunnleggande menneskerett som er heimla i både internasjonal og europeisk lov, slår Anders Aalbu fast.

Han er talsperson i Norge for FNs høgkommisær for flyktningar, (UNHCR).

Aalbu legg til at asylretten også gjeld sjølv om flyktningane og migrantane kryssar grensa på irregulær måte, som til dømes ved å ta seg inn i landet sjøvegen. Ein kan altså ikkje bli nekta å søke asyl sjølv om ein ikkje kryssar grensa ved ein offisiell grensestasjon.

– Retten til å søke asyl er ikkje noko land kan velje å sjå bort frå, seier Aalbu.

UNDER PRESS: Anders Aalbu, Noreg sin representant i UNHCR, seier grunnleggande menneskerettar er under press. Foto: UNHCR
UNDER PRESS: Anders Aalbu, Noreg sin representant i UNHCR, seier grunnleggande menneskerettar er under press. Foto: UNHCR

– Men når slike «pushbacks» heilt klart er ulovleg, kvifor kan då Hellas og andre land drive med dette i utstrakt grad?

– Vi ser dessverre ein negativ trend både i Middelhavet og andre delar av EUs yttergrense at retten til å søke asyl er under press. Det er vanskeleg å seie kvifor det skjer. men vi merkar at viljen til å stå opp for grunnleggjande menneskerettar er under press, noko som vi ser på med stor bekymring. Dette er ein negativ trend vi verkeleg ønskjer å motarbeide, avsluttar Aalbu i UNHCR.

Fleire europeiske land bryt lova

Det er ikkje berre Hellas som utøver «pushbacks». Det siste året har ei rekke medium og hjelpeorganisasjonar avslørt omfattande bruk av «pushbacks» i fleire land.

Litauen, Polen, Italia, Serbia, Bosnia-Herzegovina, Nord-Makedonia og Ungarn, er nokre av landa som er nemnt av blant anna BBC og den ideelle organisasjonen Lighthouse Reports, som land som utøver «pushbacks».

Mellom anna har Lighthouse Reports utført ei åtte månadar lang gransking av «pushbacks», i samarbeid med mediene Der Spiegel, SRF, Rundschau, ARD Monitor, ARD Studio Wien, Libération, RTL Croatia, Novosti og Pointer.

GRANSKING: EU-kommisær Ylva Johansson krev at landa som er skulda for lovbrota skulle granske skuldingane. Foto: Olivier Hoslet
GRANSKING: EU-kommisær Ylva Johansson krev at landa som er skulda for lovbrota skulle granske skuldingane. Foto: Olivier Hoslet

Dei avslørte valdelege «pushbacks» utført av Kroatia, Romania og Hellas. I Hellas analyserte dei ei lang rekke videoar av pushbacks, utført av maskerte menn. Tyske Der Spiegel identifiserte mennene som medlemmar av den greske kystvakta sitt elitelag. Etter dei mange avsløringane krevde EU sin kommisær for indre sikkerhet, Ylva Johansson, at landa skulle granske skuldingane.

«Dette kan skade EU sitt rykte», sa Johansson.

Men enn så lenge held den ulovlege praksisen med fram. Dette blir dokumentert av båtflyktningane sjølv, og ettergått og publisert av mellom andre Tommy Olsen i Aegean Boat Report.

I snitt jobbar Olsen mellom fem og seks timar i døgnet med «pushbacks» og båtflyktningane, i tillegg til å vere familiefar og føreskulelærar. Sjølv om han opplever trugslar og er mistenkt for menneskesmugling i Hellas, ønsker han ikkje å gi seg med arbeidet.

– Men kjem det nokon gong til det punktet at trugslane blir så alvorlege at det går utover familien min, så må eg jo vurdere det, seier Olsen.

Relatert