Jublar over at regjeringa gir grønt lys for koronapass

Tromsø kommune står klare til å innføre koronapass så snart den tekniske løysinga er på plass. Når det skjer, er førebels uvisst.

KORONAPASS: Regjeringa opna i dag for at kommunar kan ta i bruk koronapass. Foto: Ingvild Gjerdsjø / TV 2
KORONAPASS: Regjeringa opna i dag for at kommunar kan ta i bruk koronapass. Foto: Ingvild Gjerdsjø / TV 2

- Vi har alt klart. No venter vi berre på beskjed om at den tekniske løysinga er på plass, seier Gunnar Wilhelmsen, ordførar i Tromsø (Ap).Han har ønska å innføre koronapass så raskt som råd, for å kunne halde samfunnet så ope som mogleg.- Vi er veldig glade for at det no er vedtatt nasjonalt. I verste fall må me vente på den tekniske løysinga.Truleg vil løysinga vere på plass ein gong i neste veke. Koronapasset blir dermed ikkje innført til helga. Vil få fleire l