Christian (39) betalar 308 000 kroner i månaden på medisinar for å puste

Medan mange land har tatt i bruk ein ny medisin som gjev pasientar med cystisk fibrose eit nytt liv, vil ikkje Noreg ta medisinen i bruk fordi han er for dyr.

- Det blir 176 129 kroner. Vil du betale med kort?Christian Lawley trekk først på smilebandet, deretter trekk han kortet.- Det var éin, seier han, og tar i mot ein liten boks med 57 piller i.Deretter går turen til neste apotek. Der trekk han kortet for rett over 132 500 kroner. Han får ein boks til, som inneheld like mange piller.Dei to boksane har ein samla prislapp på 308 645 kroner, og inneheld nok medisinar for e