OMDISKUTERT: Koronapass har vært omstridt. Foto: Stian Lysberg Solum / NTB
OMDISKUTERT: Koronapass har vært omstridt. Foto: Stian Lysberg Solum / NTB

Varslar koronapass-demonstrasjon

I Tromsø laurdag er det varsla demonstrasjon mot innføring av koronapass.

Facebook-gruppa «Nei til eit splittet Norge, ja til et varmt samfunn» arrangerer ein demonstrasjon i Tromsø på laurdag mot innføring av koronapass i kommunen.

Det var avisa iTromsø som først omtalte saka.

Gruppa blei oppretta 14. november og har på fire dagar fått over 700 medlemmar. Arrangementet på fredag skal vere ei «markering for menneskerettigheter, grunnloven og demokrati», skriv grunnleggaren av gruppa.

Han skriv også at gruppa er for alle i Tromsø som meiner at alle er like velkomne i samfunnet, både vaksinerte og uvaksinerte.

TV 2 har prøvd å kontakte grunnleggaren av gruppa og initativtakaren til demonstrasjonen, men har ikkje fått tak i han.

Snart klart koronapass

Både Tromsø kommune og Helse- og omsorgsdepartementet har jobba heile veka med å få klar forskrift til fredag som gjer det mogleg for kommunen å ta i bruk koronapass. Også statsminister Jonas Gahr Støre sa til TV 2 torsdag at det snart skal vere klart.

KLARE FOR PASS: Ordførar Gunnar Wilhelmsen (Ap) seier at kommunen er klar til å vedta ny forskrift så snart den er klar. Foto: Rune Stoltz Bertinussen
KLARE FOR PASS: Ordførar Gunnar Wilhelmsen (Ap) seier at kommunen er klar til å vedta ny forskrift så snart den er klar. Foto: Rune Stoltz Bertinussen

Ordførar i Tromsø, Gunnar Wilhelmsen (Ap) har vore tydeleg på at dei ønsker å innføre koronapass så snart det let seg gjere.

Tidlegare har Wilhelmsen sagt at det er to grunnar for at ein må få på plass koronapass. Det første er at det vil føre til at fleire vaksinerer seg, det andre er at næringslivet sårt treng ei annan løysing enn restrikasjonar.

Til at det no skal arrangerast demonstrasjon i Tromsø, seier ordføraren at han har forståing i at nokre er ueinige, men peikar på at eit stort fleirtal ønsker å opne opp.

– Viss ein er vaksinemotstandar har eg full respekt for det, men vi kan ikkje stenge ned samfunnet på grunn av nokre få, seier Wilhelmsen.

Relatert