– GALSKAP: Sindre Solvoll frå Tromsø kallar det «heilt galskap» når han får høyre om auken av CO2-avgifta i det nye statsbudsjettet.
– GALSKAP: Sindre Solvoll frå Tromsø kallar det «heilt galskap» når han får høyre om auken av CO2-avgifta i det nye statsbudsjettet. Foto: Daniel Berg Fosseng / TV 2

Kraftig prisauke: – Dei kan jo ikkje auke det meir no, det er galskap

Regjeringa vil auke CO2-avgifta kraftig. Lyngen-ordførar meiner det er katastrofalt for distrikta viss den nye regjeringa ikkje gjer om på forslaget.

Regjeringa ønsker å auke CO2-avgifta med nesten 30 prosent. Det får Senterparti-ordførar i Lyngen kommune i Troms og Finnmark til å sjå raudt.

– Dette er drepen for næringslivet, og direkte distriktsfiendtleg, seier ordførar Dan Håvard Johnsen.

I statsbudsjettet for 2022 ønsker regjeringa å auke CO2-avgifta frå 561 kroner til 766 kroner per tonn. Det meiner ordføraren vil strupe næringsliv i distrikta.

OPPGITT: Lyngen-ordførar Dan Håvard Johnsen (Sp) fryktar for det lokale næringslivet dersom pumpeprisane stig.
OPPGITT: Lyngen-ordførar Dan Håvard Johnsen (Sp) fryktar for det lokale næringslivet dersom pumpeprisane stig. Foto: Karen Anna Kleppe / TV 2

CO2-avgifta på bensin vil auke med 41 øre per liter. For diesel aukar avgifta med 47 øre per liter.

Lyngen-ordføraren meiner næringa i kommunen ikkje har andre alternativ enn fossilt drivstoff. Straumnettet er frå 1950-talet og klarer ikkje ein gong å levere straum til dagens krav, ifølge Johnsen.

– Vi har ikkje ein gong nok straum til å legge om til el-bilpark. Inntil det blir gjort noko med straumnettet er det heilt katastrofalt å auke CO2-avgifta.

Fryktar arbeidsplassar

Administrerande direktør i Norges Lastebileier-Forbund, Geir A. Mo, er samd med Lyngen-ordføraren i trugselen den auka avgifta utgjer for norsk næringsliv.

Mo peikar på at det ikkje eksisterer ein einaste tungbilladar i Noreg, eller nullutsleppslastebilar som er teknologisk modne.

DÅRLEG NYTT: Adm. dir. i Norges Lastebileier-Forbund Geir A. Mo kallar den nye avgifta dårleg nytt for næringa.
DÅRLEG NYTT: Adm. dir. i Norges Lastebileier-Forbund Geir A. Mo kallar den nye avgifta dårleg nytt for næringa.

– Alternativert er rett og slett ikkje tilgjengeleg, seier Mo.

Han meiner også at forslaget vil bidra til å flytte norske transportarbeidsplassar ut av landet, og også bidra til auka dieselsmugling og illegale distribusjonsnettverk for diesel.

– Årsaken er at norske godstransportørar lever i ein knallhard konkurranse med utanlandske lågprisaktørar som har med seg billigare diesel frå utlandet og kan derfor tilby ein lågare pris, seier Mo.

Krev at Senterpartiet ryddar opp

Både Mo og Lyngen-ordføraren krev at Senterpartiet ryddar opp når dei no kjem i regjering.

– Eg har ein sterk forventning om at dette blir gjort noko med i revidert nasjonalbudsjett, seier Johnsen.

– Alta anna vil vi oppfatte som eit klart løftebrot, seier Mo, og viser til raudgrøne valkampløfter om å sikre norske transportarbeidsplassar.

– Det er heilt teit

Sindre Solvoll er ute og fyller bensin på bilen i Tromsø i det regjeringa legg fram statsbudsjettet for 2022.

GALSKAP: Sindre Solvoll meiner auken i avgifter er galskap.
GALSKAP: Sindre Solvoll meiner auken i avgifter er galskap. Foto: Daniel Berg Fosseng

– Dei kan jo ikkje auke det meir no, det er galskap, seier Solvold når han får høyre om auken i bensinprisane.

Sjølv jobbar Solvold på båt og har råd til ein auke, men meiner studentane i byen vil slite.

– Alle som er studentar har jo aldri råd til å betale det her, og ikkje alle kan bytte til elektrisk heller. Det er heilt teit, seier Solvold.

I tråd med klimaplanen

– Denne auken er eit kraftig taktskifte i norsk klimapolitikk, seier Klima- og miljøminister Sveinung Rotevatn i ein uttale på klima- og miljødepartementet sine heimesider.

RETT RETNING: Sveinung Rotevatn (V) meiner auken er eit steg i rett retning for klimapolitikken til landet.
RETT RETNING: Sveinung Rotevatn (V) meiner auken er eit steg i rett retning for klimapolitikken til landet. Foto: Mathias Kleiveland / TV 2

Klimameldinga til regjeringa varslar ei gradvis opptrapping av CO2-avgifta frå 561 kroner per tonn i dag til 2.000 kroner per tonn i 2030.

Regjeringa ønsker ikkje lenger å kompensere auken i CO2-avgifta med reduksjon i vegbruksavgifta.

– Viss det blir for mange unntak frå klimaavgiftene, står vårt viktigaste klimaverkemiddel i fare for å miste effekten, seier Rotevatn i uttalen.

Han føreslårblant anna å heller redusere elavgifta slik at enkelte grupper i samfunnet ikkje skal bli ramma uforholdsmessig hard.

– Høyre er ikkje til å kjenne igjen

Frp-leiar Sylvi Listhaug meiner Høgre ikkje er til å kjenne igjen etter framlegginga av statsbudsjettet. Ho reagerer også på auken i CO2-avgifta.

SKUFFA: Sylvi Listhaug (Frp) er skuffa over den tidlegare regjeringspartnaren, Høyre.
SKUFFA: Sylvi Listhaug (Frp) er skuffa over den tidlegare regjeringspartnaren, Høyre. Foto: Frode Sunde / TV 2

– For alle som har vore innom ei diesel- og bensinpumpe veit at det allereie kostar skjorta, seier Listhaug.

Ho meiner spesielt ei gruppe blir straffa av den auka avgifta.

– Nokre av oss køyrer mykje og har ikkje tid til å lade, det er desse regjeringa straffar.

Relatert