HETSAR SAMAR: Både redaktørstyrte medium og samiske organisasjonar opplever ekstra mykje hets på sosiale medium etter ei hending i september. Foto: Skjermdump / Facebook
HETSAR SAMAR: Både redaktørstyrte medium og samiske organisasjonar opplever ekstra mykje hets på sosiale medium etter ei hending i september. Foto: Skjermdump / Facebook

Meldar samehets til politiet: – Har slutta å telle drapstrugslar

Det har florert med hets mot samar i sosiale medium etter at ein hund blei skoten i Alta i september.

No melder Norske Reindriftssamers Landsforbund (NRL) samehetsen til politiet.

– Vi følte vi var nøydde til å gjere det fordi det var i eit såpass stort omfang av direkte trugslar. Vi har aldri opplevd så mykje hets og sjikane mot reindrifta eller det samiske generelt, seier leiar i NRL, Ellinor Marita Jåma.

Det var iTromsø som omtalte politimeldinga frå NRL først.

Bakgrunnen for den massive hetsen på nett er ei hending i september der hunden Kiira skal ha blitt skoten av ein reineigar etter at den angiveleg skal ha jaga rein i beiteområde i Alta.

Aviser i Troms og Finnmark såg seg nøydde til å stenge kommentarfelta etter at dei skreiv om hendinga.

Altaposten var ei av dei første avisene som omtala hendinga med hunden. Ansvarleg redaktør, Rolf Edmund Lund, fortel at dagen etter publisering måtte han og to andre i avisa jobbe med å moderere kommentarfeltet.

– Etterkvart blei det så ille at vi måtte stenge kommentarfelta, seier Lund.

– Gitt opp å telle drapstruglsar

Også moderator i Facebook-gruppa «Dokumenter samehetsen», Hanne Svinsås Magga, seier at ho aldri opplevd ei så heftig bølge av hets.

– Eg har gitt opp å telle drapstrugslar, seier Svinsås Magga.

Ho fortel at sjølv om denne episoden er meir ekstrem, skjer dette til stadig i samfunnet.

– Eg har i fleire år sett kor skadeleg denne hetsen er, og etterkvart så føler ein seg makteslaus, seier Magga, som til dagleg jobbar som psykiatrisk sjukepleiar i Samisk nasjonalt komptensesenter for psykisk helse og rus (SANKS).

Ikkje opplevd verre

Leiar i NRL, Jåma, seier at det er enkeltpersonar som har kome med trugslar og hets mot det samiske som er meldt til politiet.

I løpet av dei sju åra ho har sete som leiar i NRL, har ho aldri opplevd verre.

– Det er det verste eg har handtert. Eg har aldri opplevd noko på dette nivået her, seier Jåma.

ILLE: Ellinor Marita Jåma, leiar i NRL, har aldri opplevd verre samehets. Foto: Heiko Junge
ILLE: Ellinor Marita Jåma, leiar i NRL, har aldri opplevd verre samehets. Foto: Heiko Junge

Fleire av kommentarane TV 2 har fått tilsendt går på at ein bør skyte reineigaren som skaut hunden.

I ein kommentar på Facebook skriv ein mann: «Kan f.eks. folk med hunder i Hammerfest da skyte reinen når den kommer i hagen, for å beskytte sine dyr? Eller, skyte reineieren er kanskje enklest/tryggest?».

Ein annan skriv: «Ta å skyt reineier, da slipper du bedre ut av det enn å skyte rein».

Under etterforsking

Den massive hetsen starta etter at hunden Kiira blei skoten under jakt 25. september. I Altaposten har eigar til hunden forklart at han fann hunden skoten under ein stein, og GPS-bandet låg knust i nærleiken.

I pressemelding frå siidaen (fellesskap for reineigarar som driv saman i same reindistrikt, journ.anm, dagen etter hendinga, blei det hevda at hunden jaga ein reinflokk, og at eigaren ikkje var å sjå nokon plass.

Ifølge Jåma har personar i siidaen og distriktet fått direkte trugslar og hets retta mot seg i ettertid av hendinga. Saka er under etterforsking av politiet.

Relatert