– No er det alle folk sin tur

Irene Ojala dreiv valkamp på vippsbidrag og heimeprinta løpeblad. – Og så vann vi.

KLAR FOR KAMP: Irene Ojala i bygdelista Pasientfokus kom inn på Stortinget under valet. No er ho klar for å kjempe for kjernesaka. Foto: Truls Aagedal / TV 2
KLAR FOR KAMP: Irene Ojala i bygdelista Pasientfokus kom inn på Stortinget under valet. No er ho klar for å kjempe for kjernesaka. Foto: Truls Aagedal / TV 2

I starten av 2021 hadde Irene Ojala bestemt seg. Organisasjonen Pasientfokus skulle leggast ned, og med det alt politisk arbeid for å få sjukehus til Alta.- Då hadde vi jobba i fire år for å få sjukehus til Alta, utan hell. Vi var klare til å takke for oss etter valnatta.Ojala og dei andre eldsjelene hadde allereie oppretta stiftinga «Alta sjukehus med Pasientfokus» og hadde planar om å selje mange nok andelsbrev til at dei ein gong kunne bygge sitt eige sjukehus, utan hjelp frå