– Norge har forlatt oss

Ahmed jobba for norske styrker i Afghanistan. – For ein måned sidan lova norske styremakter å hente oss til Norge. Vi trudde vi var redda, fortel han til TV 2. Men så blei det stille.

Ahmed filmar seg sjølv og dottera ein stad nord i Afghanistan. Veslejenta på tre år smiler til kameraet mens Ahmed viser rundt.

– Der søv familien no, seier han, og peikar på ei seng med eit fargerikt sengeteppe som står midt ute på eit tak. Familien har flykta frå huset sitt i byen Mazar-i-Sharif.

– Alle som budde i nabolaget visste at eg har jobba for utanlandske styrker. Difor var det ikkje trygt å bli verande, fortel 30-åringen.

På flukt i eige land

Han filmar utover nabolaget. Det er ganske aude, og det bur ingen i nabohusa. Han håper det betyr at familien kan vere trygge her ei stund, men innrømmer at det er ei påkjenning å leve i uvisse. Særleg sidan han ikkje lenger kan jobbe og forsørge familien. Ahmed er utdanna økonom, men måtte forlate jobben då Taliban tok over heimbyen 14. august.

– Eg måtte gå i skjul for å gøyme meg for Taliban. Og alt dette berre fordi eg jobba for norske styrker, seier han stille.

CAMP NIDAROS: Ahmed jobba for norske styrker i over fire år. Ahmed sit nærmast kamerat til høgre. Foto: Privat
CAMP NIDAROS: Ahmed jobba for norske styrker i over fire år. Ahmed sit nærmast kamerat til høgre. Foto: Privat

Ahmed er ikkje hans eigentlege navn. TV 2 har anonymisert han og familien på grunn av trusselen frå Taliban.

Ahmed var vaktmester og reinhaldar for dei norske styrkene i fleire år fram til dei forlot Mazar-i-Sharif i 2014.

Taliban inn, Norge ut

Nye videoar frå den svære Camp Marmal, der også den norske leiren heldt til, viser tydeleg at det er Taliban som har tatt over no. Bileta viser at dei militante islamistane inspiserer forlatte fly og anna materiell, og dei inntar godstolane på kontora som ein gang tilhøyrde vestlege offiserar.

Ahmed viser fram ei rekke referansar frå si tid hos dei norske styrkene. Lovorda om innsatsen hans er mange.

– Men no virkar det som alle har gløymt oss.

Tilsvar frå norske styremkater kjem lenger nede i artikkelen.

TV 2 har fortalt om Ahmed og familien tidlegare.

I august kunne TV 2 fortelle om ein norsk FN-rapport, som sa at Taliban trappa opp jakta på afghanerar som samarbeida med vestlege styrker.

Leiaren bak rapporten, Christian Nellemann, sa til TV 2 at Taliban ikkje skyr noko i jakta på dei vestlege hjelperane, som risikerer å bli torturert og drept.

Ahmed frykta det samme.

– Taliban går frå dør til dør og leitar etter folk som har jobba for utlendingar, fortalde han til TV 2 like etter at Taliban hadde tatt over makta.

Frå jubel til fortvilelse

KORTVARIG GLEDE: I nokre timar trudde familien at dei skulle bli evakuert til Norge. Foto: Privat
KORTVARIG GLEDE: I nokre timar trudde familien at dei skulle bli evakuert til Norge. Foto: Privat

Han, og 13 andre som også har jobba for norske styrker, trygla Norge om hjelp. Allereie 2. juli skreiv dei eit ope brev til den norske regjeringa som blei publisert av Forsvarets forum.

Det var lenge taust frå norske styremakter, men den 26. august fekk Ahmed gladmeldinga.

– Eg fekk ein telefon frå norske styremakter. Dei sa at dei ville flytte meg og familien til Norge, altså kona mi, dattera vår og mora mi. Vi blei så glade! Vi tenkte at vi var redda frå Taliban, frå døden.

Men nokre timar seinare skjedde terrorangrepet ved flyplassen i Kabul.

STENGT: Ein talibankrigar held vakt utanfor flyplassen i Kabul etter angrepet 26. august. Foto: Wali Sabawoon/AP
STENGT: Ein talibankrigar held vakt utanfor flyplassen i Kabul etter angrepet 26. august. Foto: Wali Sabawoon/AP

Det førte til at Norge måtte stanse all evakuering frå Afghanistan. Ahmed fortel at han då fekk ein ny beskjed.

– Vi fekk ei tekstmelding der det stod at Norge ikkje kunne hjelpe oss likevel.

Ahmed viser fram meldinga. Han kunne knapt tru det.

– Alle blei veldig lei seg.

Mange lokalt tilsette

Ahmed seier at fleire av hans tidlegare kollegaer fekk dei samme beskjedane, men ikkje alle. TV 2 har ikkje fått bekrefta frå norske styremakter at dette stemmer fordi dei ikkje kan kommentere enkeltsaker, men vi har sett meldingane Ahmed seier er frå norske tenestemenn.

– Vi blei alle skikkeleg fortvila over kontrabeskjeden. Vi trudde vi skulle bli evakuert til Norge i all hast, og enkelte hadde allereie selt unna ting som bil og sykkel. Dei spurte meg: Korleis i alle dagar skal vi få kjøpt dette tilbake?

Ahmed (t.h.) skryter av dei norske soldatane som var i Camp Nidaros. - Vi var gode vennar, fortel han. Foto: Privat
Ahmed (t.h.) skryter av dei norske soldatane som var i Camp Nidaros. - Vi var gode vennar, fortel han. Foto: Privat

Det er uklart kor mange afghanerar som er i ein tilsvarande situasjon. Forsvarsdepartementet opplyser at dei har ei liste med rundt 400 personar som har jobba for dei i kortare eller lengre periodar gjennom dei siste 19-20 åra.

Departementet seier vidare at nokon av desse allereie kan ha fått opphald i Norge eller andre land, nokon ønskjer seg ikkje ut, mens enkelte av dei kan sågar utgjere ein sikkerhetsrisiko og vil difor ikkje bli henta ut.

Forsvarsdepartementet fortel at det vidare arbeidet no ligg hos UDI, mens UDI viser til Justisdepartementet i påvente av ein ny instruks.

Ifølge Ahmed er to av hans tidlegare kollegaer blitt evakuert til Storbritannnia. Dei hadde jobba ein periode for britane i tillegg til Norge. Dei ønskjer ikkje å stille til intervju.

– Eg er glad på deira vegne, veldig letta for at dei er trygge i England, seier Ahmed.

– Vi skulle berre ønske Norge kunne ha handla like raskt.

– Kva vil skje med oss?

Ahmed fortel at dei har mange spørsmål til norske styremakter, men det viktigaste er:

– Kva vil skje med oss no?, spør Ahmed.

Ifølge Utanriksdepartmentet er det Forsvarsdepartementet som skal svare på dette. Dei har ikkje mulighet til å stille til intervju denne veka, men kjem med følgande utsegn til TV 2 frå forsvarsminister Frank Bakke-Jensen (H):

«Per i dag foregår det ikke evakuering fra Afghanistan i regi av norske myndigheter, verken av norske borgere eller andre. Justisdepartementet og Forsvarsdepartementet jobber nå med å få på plass en ordning der tidligere lokalt ansatte i Forsvaret kan søke om opphold i Norge. Detaljene i denne er ikke klare ennå. Forsvarsdepartementet, Justis- og beredskapsdepartementet og Utenriksdepartementet samarbeider tett i disse sakene.»

Skuffa og desperat

Ahmed er skuffa over svaret.

– Dette har vi høyrt i ein månad no. Eg forstår ikkje kvifor det tar så lang tid. Og kvifor blir vi ikkje oppdatert om utviklinga?, spør han.

Det spørsmålet har TV 2 ikkje fått svar på frå styremaktene.

– Vi er i ein desperat situasjon, men vi anar ikkje kva som skjer, seier Ahmed.

Han fortel at hans einaste kjelde til informasjon er norske medier.

– Eg har forsøkt å få kontakt med fleire departement, utan hell. Eg sjekkar telefonen min heile tida i håp om at norske styremakter tar kontakt, men nei. Norge har forlatt oss.

– Men forstår du at situasjonen i Afghanistan gjer det vanskeleg å få evakuert folk?

– Ja, men andre land klarer det jo, så kvifor ikkje Norge? Eg er lei meg for å seie dette, men familien min har gitt opp trua på norske styremakter, seier Ahmed, og blir stille. Så legg han til:

– Men eg har framleis eit håp. Det må eg ha.

Relatert