BEREDSKAP: Denne veka øvde Hæren på å forflytting frå sør til Finnmark. Litt av øvinga føregjekk i Alta. Foto: Didrik Linnerud/Forsvaret
BEREDSKAP: Denne veka øvde Hæren på å forflytting frå sør til Finnmark. Litt av øvinga føregjekk i Alta. Foto: Didrik Linnerud/Forsvaret

Forsvaret si opptrapping i nord – dette meiner forskaren politikarane tok for lett på

Aldri før har aktiviteten i Forsvaret vore større. Nupi-forskar Julie Wilhelmsen meiner den militære posisjoneringa i nordområda kan føre til farlege misforståingar.

Det er eit uvanleg syn i ettermiddagsrushet i Alta. Mellom ein rutebuss og ein passasjerbil manøvrerer to leopard stridsvogner seg rundt rundkøyringa i sentrum.

Denne veka sendte Hæren rundt 500 soldatar og materiell frå austlandet og Troms til Finnmark. Saman med relativt ferske Finnmark Landforsvar trener dei på å forsvare den nordlegaste landsdelen, dersom det ein gong blir aktuelt.

Øvinga skjer på bakgrunn av auka russisk aktivitet i nord, ifølge Sjef Hæren. Lars Lervik.

Pål Berglund styrer heile Brigade Nord, og frå eit telt på ein parkeringsplass i Alta legg han, saman med kollegaar, strategiar for den kommande veka.

STRATEGI: I kommandoteltet blir strategien for øvinga i Finnmark lagt. Foto: Karen Anna Kleppe / TV 2
STRATEGI: I kommandoteltet blir strategien for øvinga i Finnmark lagt. Foto: Karen Anna Kleppe / TV 2

– Vår brigade bygger kampkraft og har emner og vilje til å forsvare landet. Og i denne situasjonen er det med på å vise at vi kan forsvare Finnmark, seier Berglund.

Sist veke hadde Luftforsvaret si første skarskypting med F-35 på norsk jord, også dette i Finnmark. Også denne militære greina meir trening i nord enn tidlegare.

KJERNA: Pål Berglund leiar det som blir sett på som sjølve kjerna i Hæren, Brigade Nord. Foto: Daniel Fosseng/ TV 2
KJERNA: Pål Berglund leiar det som blir sett på som sjølve kjerna i Hæren, Brigade Nord. Foto: Daniel Fosseng/ TV 2

– Vi er ikkje på høgdepunktet som under den kalde krigen, men i det litt kortare perspektivet i forhold til fokuset på Midtausten og Afghanistan, er fokuset no meir dreid tilbake til nord med ein aukande trend med meir auka aktivitet, seier sjef Luftforsvaret, Rolf Folland.

Sjå Luftforsvaret sine eigne bilde frå den storstilte øvinga her.

Dei seinare åra har Forsvaret fått betydeleg meir militært personell og materiell i Finnmark, som den nyoppretta Porsangerbataljonen.

I eit tidlegare intervju med TV 2 kunne sjef for Forsvarets operative hovedkvarter, Yngve Odlo, fortelle at den militære aktiviteten - både fra allierte og russerane - «over hele fjøla» har auka.

– Aktiviteten i Forsvaret har aldri vore større enn no, sa Odlo.

– Omtalast konsekvent som offensivt

Sjølv om den norske militære aktiviteten her til lands kun er defensiv, blir no alt oppfatta som offensivt i russiske auger, ifølge seinorforskar ved Nupi, Julie Wilhelmsen.

FØLGER RUSSLAND: Seniorforskar ved NUPI, Julie Wilhelmsen, følger tett med på utspela frå Russland. Foto: Ingvild Gjerdsjø / TV 2
FØLGER RUSSLAND: Seniorforskar ved NUPI, Julie Wilhelmsen, følger tett med på utspela frå Russland. Foto: Ingvild Gjerdsjø / TV 2

Stadig meir alliert personell og materiell frå NATO og USA i Noreg og nordområda, blir sett på som ein trussel frå russiske myndigheiter.

– Alle dei skritta som omtalast som defensive frå Noreg, les Russland no konsekvent som offensive, og det seier dei ganske direkte.

Hærsjefen meiner derimot det ikkje er noko grunnlag for å tolke Noreg og Forsvaret sine handlingar som offensive.

MISSILAR: Luftvernet sine missilar har ei rekkevidde på om lag 20 kilometer. Foto: Karen Anna Kleppe/TV 2
MISSILAR: Luftvernet sine missilar har ei rekkevidde på om lag 20 kilometer. Foto: Karen Anna Kleppe/TV 2

– Det er både i omfang og type aktivitet som er betydeleg mindre enn det Russland har gjort på grensa til Noreg no dei siste vekene, seier Lervik.

Vanskeleg balanse

Øvinga som denne veka føregår i Finnmark, involverer kun det norske Forsvaret. Wilhelmsen meiner at det kan vere eit behov frå norske myndigheiter å vise overfor Russland at det kun er Noreg som styrkar forsvaret av Noreg.

– Dette mykje tyngre allierte preget på politikken er noko som regjeringa har ønska. Også dei store partia som kunne ha vore imot det, har ønska det, seier Wilhelmsen.

Men forskaren seier politikarane kanskje ikkje har tenkt over kor vanskeleg det kan vere å forvalte den tradisjonelle norske balansen mellom avskrekking og det å trygge nabolandet.

– Slik eg ser det er det ein eskalerande konflikt som ikkje berre har ein retorisk dimensjon, men som har all denne militære posisjoneringa og siganliseringa overfor kvarandre.

– Eg er ikkje åleine om å vere litt nervøs for situasjonar eller misforståingar som kan oppstå når vi er så nære kvarandre, og som fort kan utløyse noko større.

Kjøligare

Sjølv om hærsjefen ikkje meiner det er noko å frykte, er han bevisst på den militære emnen som Russland viser og utviklar kvar dag.

KALDARE I NORD: Sjef Hæren, Lars Lervik, meiner det er ting som kan tyde på at forholdet er kjøligare no enn før. Foto: Ingvild Gjerdsjø / TV 2
KALDARE I NORD: Sjef Hæren, Lars Lervik, meiner det er ting som kan tyde på at forholdet er kjøligare no enn før. Foto: Ingvild Gjerdsjø / TV 2

I denne utviklinga spelar den forholdsvis nye avdelinga i Finnmark ei viktig rolle.

– Finnmark landforsvar markerer heilt tydeleg at vi har ei militær evne i Finnmark, og slik som eg ser det eit tydeleg signal om at vi har ein ambisjon om å forsvare heile landet.

– Er forholdet mellom Russland kjøligare no enn tidlegare?

– Det er det andre enn meg som må bedømme, men det er ikkje noko militært samarbeid for hærens del lenger, og det er nok kanskje ein indikator på at det er noko kjøligare enn det var for nokre år sidan, svarer Lervik.

Relatert