Spår virusets framtid

Reykjavik, Island (TV 2): Etter halvanna år med koronaviruset under lupa, tør den anerkjende nevrologen Kári Stefánsson å spå korleis viruset vil utvikle seg framover.

Kári Stefánsson er nevrolog og ekspert på genetikk. Han er grunnleggar av selskapet deCODE genetics i Reykjavik, der han også er administrerande direktør.

Her har han leia arbeidet med å sekvensere absolutt alle dei positive korona-prøvene som er tatt på Island gjennom heile pandemien.

EKSPERT: Kári Stefànsson, administrerande direktør i deCODE genetics. Foto: Ole Enes Ebbesen / TV 2
EKSPERT: Kári Stefànsson, administrerande direktør i deCODE genetics. Foto: Ole Enes Ebbesen / TV 2

Viktige avsløringar

Helgenomsekvensering er den mest avanserte formen for analyse av virusets genetiske materiale som er tilgjengeleg i dag. Her forklarer FHI metoden.

Fakta: Helgenomsekvensering

Kjelde: FHI

– Målet med helgenomsekvensering er å beskrive virusets arvemateriale i sin helhet. Dette muliggjør korrekt identifisering av virus til rett genetisk undergruppe. Dette er spesielt viktig i overvåkningsøyemed.

– Helgenomsekvensering er den eneste metoden som med sikkerhet vil kunne oppdage nye virusvarianter.

– Helgenomsekvensering er best egnet metode til å utføre løpende overvåkning for utfyllende informasjon om virus som sirkulerer i befolkningen. Overvåkning av virusets genetiske endringer danner derfor et viktig kunnskapsgrunnlag for til enhver tid å ha optimalisert diagnostikk for påvisning av virus.

– Metoden er svært tidkrevende og involverer mange analytiske steg, i tillegg til avanserte bioinformatiske analyser.

– Metoden er nyttig fordi viruset muterer konstant. Når viruset går frå person til person så muterer det éin gang for kvar fjerde overføring. Dette gir oss høve til å følge viruset for å avgjere kven som smittar kven og kor viruset kjem frå, forklarer Stefánsson.

Helgenomsekvensering er også hyppig brukt i Norge, men Island er truleg det einaste landet i verda som har sekvensert alle dei positive prøvene. Det har vore muleg på grunn av at Island berre har rundt 360 000 innbyggjarar, kombinert med deCODE sin enorme analyse-kapasitet. Kartlegginga er gjort i samarbeid med islandske styremakter.

FLOWCELL: Prøvene blir lagde i såkalla «flowcells» før dei blir helgenomsekvensert. Foto: Ole Enes Ebbesen / TV 2
FLOWCELL: Prøvene blir lagde i såkalla «flowcells» før dei blir helgenomsekvensert. Foto: Ole Enes Ebbesen / TV 2

Dermed sit islendingane på unik detaljert kunnskap om korleis viruset spreier seg gjennom befolkninga. Dei fangar også opp alle mutasjonane.

– Eg er heilt overbevist om at informasjonen vi har skaffa har vore viktig for å hindre smitte-spreiing. Det er ingen tvil om at til meir du veit om måten viruset spreier seg og kor det kjem frå, til betre rusta er du for å lage metodar for å begrense smitten. Og det er det vi har gjort.

Kartlegginga har vekt internasjonal merksemd.

– Eg er sikker på at ved neste pandemi vil alle land gjere det samme, seier Stefánsson.

SEKVENSERING: Ólafur Magnussón, sekveseringsjef ved deCODE, gjer klar ei prøve for sekvensering. Foto: Ole Enes Ebbesen / TV 2
SEKVENSERING: Ólafur Magnussón, sekveseringsjef ved deCODE, gjer klar ei prøve for sekvensering. Foto: Ole Enes Ebbesen / TV 2

– Blir ikkje verre enn deltaen

Basert på erfaringa gjennom det siste halvanna året, kjem Stefánsson med følgande spådom om vegen vidare for koronaviruset.

– Eg trur delta-varianten er den mest smittsame varianten vi kjem til å sjå, seier genetikk-eksperten, og legg til:

– Vi bør ikkje sitte her og bekymre oss over at viruset vil mutere og utvikle seg til å bli endå meir smittsamt.

– Men det er då gode nyheiter?

SETT DET VERSTE: Kári Stefànsson trur delta-viruset er den verste varianten vi kjem til å sjå i denne pandemien. Foto: Ole Enes Ebbesen / TV 2
SETT DET VERSTE: Kári Stefànsson trur delta-viruset er den verste varianten vi kjem til å sjå i denne pandemien. Foto: Ole Enes Ebbesen / TV 2

– Det er berre realiteten, slår Stefánsson fast.

– Du veit, byrden med pandemien er enorm som den er. Men vi treng ikkje forvente at vi får ein endå større byrde seinare.

Han viser til at viruset har mutert rundt 50 millionar gonger allereie.

– Det er muleg at vi får ein variant som er like smittsom som deltaen, men mindre skadeleg. For viruset er interessert i å vere så smittsamt som muleg, men samtidig så uskyldig som muleg for verten. Viruset ønskjer jo berre å overleve.

I VERDSTOPPEN: Island ligg i verdstoppen i vaksinedekning. Her set sjukepleiar Anna Lilja Sigurdardóttir vaksine på 13 år gamle Agnar Gudmundur Kristjánsson. Foto: Ole Enes Ebbesen / TV 2
I VERDSTOPPEN: Island ligg i verdstoppen i vaksinedekning. Her set sjukepleiar Anna Lilja Sigurdardóttir vaksine på 13 år gamle Agnar Gudmundur Kristjánsson. Foto: Ole Enes Ebbesen / TV 2

– Vi treng betre vaksiner

Samtidig håper han at vaksineprodusentane er i ferd med å utvikle betre vaksiner. Han viser til at dagens vaksiner fungerer for å hindre alvorleg sjukdom, men:

– Vaksinene er ikkje gode nok når det kjem til å hindre smittespreiing, og vi treng vaksiner som hindrar smitte. Viss det lykkast, så kan vi sende viruset på dør ein gong for alle, avsluttar Stefánsson.

 Foto: Ole Enes Ebbesen / TV 2
Foto: Ole Enes Ebbesen / TV 2

Relatert