island med smitterekord etter gjenopning:

Kjem med klare råd til Norge

Island var landet som fekk skryt for si handtering av pandemien. Men no slit sagaøya med si største smittebølge så langt. Derfor kjem Islands sjefepidemiolog med tydelege råd til Norge før den varsla gjenopninga.

I den tåkefylte fjellheimen på Island testar Johann Fjalar Skaptason formen etter å ha vore koronasjuk. Målet for slitet er ein dukkert i ein av naturens varme kjelder, også kjend som «heitur pottur».- Det er lengre enn eg hugsar opp dit, seier han, mens han gyver laus på den bratte bakken.Det er berre ti dagar sidan han kom ut av isolasjon. Skaptason blei sjuk med covid-19, trass i at han var fullvaksinert.- Eg trudde ikkje at eg kunne få det, slik som mange andre sikker