Plutseleg dukka det opp eit stort kunstverk i den vesle vestlandsbygda

Dei grå vasstankane ved E39 har blitt eit blikkfang for bilistane.

I bygda Matre i Vestland fylke har det i løpet av to veker vokse fram eit stort veggmåleri like ved europavegen. Lerretet er laga av betong, og består av to vasstankar som høyrer til den lokale stasjonen til Havforskingsinstituttet.

– Då instituttet fylte 120 år, lyste vi opp alle forskingsstasjonane i blått. Når Matre no fyller 50 år, var det på tide å gjere noko gøyalt igjen, seier Sissel Rogne, direktør ved Havforskingsinstituttet.

Håper fleire vil stanse

Matre med sine 100 innbyggjarar ligg inst i ein av fjordarmane i Masfjorden. Dei som køyrer nordover eller sørover på E39, har om lag eitt minutt på seg til å sjå kva som ligg mellom dei to tunnelane. Og til no har nok majoriteten køyrt rett forbi.

Rogne trur kunsten blir ein attraksjon som vil få fleire til å stanse.

NYTT. Dei to nymalte siloane ved inngangen til forskingsstasjonen. Foto: Morten Solheim
NYTT. Dei to nymalte siloane ved inngangen til forskingsstasjonen. Foto: Morten Solheim
HØGT. Dei 13 meter høge tankane er lett synlege. Foto: Sedin Zunic
HØGT. Dei 13 meter høge tankane er lett synlege. Foto: Sedin Zunic
FISK. Guten på siloen held ein stor laks i hendene. Foto: Sedin Zunic
FISK. Guten på siloen held ein stor laks i hendene. Foto: Sedin Zunic
NATUR. Gatekunstnar Sedin Zunic henta inspirasjon frå vestnorske fjordar og fjell. Foto: Sedin Zunic
NATUR. Gatekunstnar Sedin Zunic henta inspirasjon frå vestnorske fjordar og fjell. Foto: Sedin Zunic

– I tillegg er det også eit museum, ein kraftstasjon og ein klatrevegg der. Og naturen er fantastisk, seier ein begeistra instituttdirektør.

– Men er ikkje gatekunst eit fenomen som høyrer heime i byane?

– Nei, det høyrer heime på Matre også. Det er kunst som er til for å delast. I staden for at ein heng eit måleri på ein stuevegg eller legg det i ein bankboks, har vi gatekunst som kan delast med både naboar og alle andre forbipasserande. I tillegg ønskjer vi å skape interesse for havet.

Kunstnar frå Sørlandet

Grå betong er no dekorert med eit motiv som viser vestnorsk natur, både over og under vatn, og eit barn som held ein stor laks. Mannen bak det ferske veggmåleriet heiter Sedin Zunic og kjem frå Kristiansand.

– Inspirasjonen til måleriet henta eg frå Vestlandet og omgjevnadane. Det var eit veldig gøy og spennande prosjekt, fortel Zunic.

At det store veggmåleriet blir lagt merke til, oppdaga han allereie undervegs i arbeidet. Fleire stoppa opp og slo av ein prat med kunstnaren.

– Dei ga som regel ein tommel opp og knipsa bilete av muralen (veggmåleriet, red. anm.). Særleg dei lokale var begeistra, for dei meinte siloane var ganske triste og trengte litt farge.

Zunic har drive med gatekunst i meir enn 20 år. No skal han vidare til eit nytt havrelatert prosjekt i Arendal, og etter kvart blir det retur til Vestlandet for å måle ein vegg i Bergen.

– Skal vare lenge

Då Havforskingsinstituttet la planane for kunstverket på Matre, tok dei kontakt med gatekunstmiljøet. På den måten blei de kopla til Zunic.

– Han er ein veldig god kunstnar med auge for detaljar. Zunic hadde i tillegg materialar som sørgar for at måleriet står seg i mange år. Vi vil jo at det skal sjå pent ut lenge, seier direktør Rogne.

Om laksen på biletet er ein villaks eller ein oppdrettslaks, kan verken Rogne eller kunstnaren svare på.

– Det skal vere eit mysterium, og publikum får tolke det som dei vil. Eg håper folk vil undre seg over det magiske i biletet og det magiske i havet, seier Rogne.

Relatert