Får ikkje spesialkompetanse til Noreg grunna fagbrevmangel

FØRDE (TV 2): På få år har Ali Saleh Alsbaih vakse seg ut av fleire lokale. No skrik han etter arbeidskraft. – Skuleeksempelet på ein flyktning, seier Alfred Bjørlo (V).

SUKSESS: På berre få år har bedrifta til Ali, som er oppkalla etter dottera, gått så bra at han treng fleire tilsette. Men UDI seier nei til å hente kompetanse frå Libanon. Foto: Alf Vidar Snæland/TV 2

Ali Saleh Alsbaih og familien er frå Syria, og har opplevd meir enn mange andre dei siste åra. Då dei budde i Libanon i 2015, blei den eine dottera til Ali skoten av ein gut då ho og søstera var ute og leika. Ho døydde seinare av skadane på sjukehuset.Med det skulle Førde og Vestland bli den nye starten familien sårt trengte. I løpet av kort tid har Ali gått frå å stå utan arbeid til å skape noko eige.- Eg måtte berre jobbe, seier Alsbaih, som har jobba som møbeltapetserar sidan