Her må turistar og bebuarar stå timevis i kø

HARDANGER (TV 2): – Slik tar vi imot turistane i Hardanger. Det er litt pinleg.

Det seier dagleg leiar i Hardanger Bestikk, Rune Leikvoll, medan vi køyrer forbi over hundre bilar som står bom stille i turistindrefileten.

For å rekke møtet med TV 2 på Bu måtte han ta sjøvegen frå Kinsarvik. Trafikken på strekka langs riksveg 13 stod i fullstending i stampe.

Han er tydeleg på at noko må skje med den smale vegen.

– Vi kan ikkje vente lenger. Dette må skje no.

Sjå reportasjen nederst i saka.

UTÅLMODIG: Rune Leikvoll håpar Nye Veier inkluderer Kinsarvik-Bu i RV13-planane sine. Frp-leiar Sylvi Listhaug meiner vegen er ein av dei verste ho har køyrt,
UTÅLMODIG: Rune Leikvoll håpar Nye Veier inkluderer Kinsarvik-Bu i RV13-planane sine. Frp-leiar Sylvi Listhaug meiner vegen er ein av dei verste ho har køyrt, Foto: Vilde Midtbø Ulsten

Håpar på utbyggjing

No har Nye Veier for første gong inkludert eit vestlandsprosjekt i portefølgja si, og har løyva tre milliardar kroner til riksvegen.

Relatert

Men det er enno ikkje klart kva pengane skal brukast til, eller kva strekker som blir prioritert langs riksvegen, som går frå Skare til Sogn.

Lokalbefolkinga ber no om at dei 12 kilometera mellom Kinsarvik og Bu blir inkludert i planane.

– Vi har eit håp om at Nye Veier ser galskapen, seier Leikvoll.

– Ikkje haldbart

Sylvi Listhaug (Frp) er på bubilturné, og køyrte sjølv med hjartet i halsen langs vegen på tysdag. Også ho meiner tida er inne for å gjere noko.

AUGA PÅ VEGEN: Partileiaren var stressa då ho køyrte den smalte vegen.
AUGA PÅ VEGEN: Partileiaren var stressa då ho køyrte den smalte vegen. Foto: Vilde Midtbø Ulsten

– Det er klart at noko må bli gjort med denne vegen. Det er ikkje haldbart. Dette er ein av dei verste vegane eg har køyrt i løpet av sommaren.

For at bilar skal kunne passere, må ein til med ledebilar og trafikkdirigentar. Til tider opplever folk å stå timesvis i kø på berre nokre kilometer.

– Eg forstår kvifor det er kolonnekøyring her. Viss ikkje hadde det vore heilt texas, seier Frp-leiaren medan bubilen humpar og skranglar i svingane.

På det smalaste er vegen 3,44 meter brei. Då er det umogleg for to bilar å passere.

IKKJE GODT NOK: Dagleg leiar ved Kinsarvik Camping, Evald Hatten, og dagleg leiar ved Mikkelparken, Dag Instanes, er fortvila over situasjonen.
IKKJE GODT NOK: Dagleg leiar ved Kinsarvik Camping, Evald Hatten, og dagleg leiar ved Mikkelparken, Dag Instanes, er fortvila over situasjonen. Foto: Mathias Kleiveland

– Direkte pinleg

Den lokale turistnæringa ser med uro på kor mykje vegen øydelegg for både dei og turistane.

– Det er jo ikkje bra i det heile tatt at gjestar blir møtt med ein veg der dei må stå i kø i ein til tre timar. Det er eigentleg direkte pinleg, seier Eivind Hatten, som er dagleg leiar ved Kinsarvik Camping.

Evald Hatten og Dag Instanes står for store delar av turistnæringa i Kinsarvik. Dei har begge opplevd at besøkande kjem fram til Hardangerperla vettskremte og skjelvande etter den siste biletappen.

Enkelte har sagt rett ut at dei ikkje kjem til å kome tilbake til turistmålet.

– Folk kjem inn her svette og nervøse og seier dei ikkje skal setje sine bein her grunna vegen. Det er ikkje alle som er vant til ein så smal veg, seier Hatten.

FULL STOPP: Tysdag måtte Rune Leikvoll ta båt til Bu då han såg at vegen var full av stilleståande bilar så langt auget kan sjå.
FULL STOPP: Tysdag måtte Rune Leikvoll ta båt til Bu då han såg at vegen var full av stilleståande bilar så langt auget kan sjå. Foto: Rune Leikvoll/Privat

Også dei håpar strekka no blir inkludert i utbygginga, og dei er ikkje særleg kravstore.

– Vi bryr oss ikkje om mykje så veldig mykje meir enn at to bilar kan klare å passere kvarandre, seier Instanes.

– Til og med naudetatane kjem ikkje fram i køane. Det går på helse, liv og sikkerheit. Eg håpar det skjer noko, seier Hatten.