Slik skal Senterpartiet «gjenreise» Nord-Norge

Gratis ferge og hurtigbåt, halverte flyprisar, ny jernbane, fleire lensmannskontor og reverserte domstolsreformar og fylkessamanslåingar. Og veldig mykje meir lovar Senterpartiet i sin nye Nord-Norge-plan.

Senterpartiet har lagt fram ein omfattande plan for korleis det skal bygge ut Nord-Norge, men har ikkje svar på korleis det skal finansierast. Foto: Sveinung Kyte / TV 2
Senterpartiet har lagt fram ein omfattande plan for korleis det skal bygge ut Nord-Norge, men har ikkje svar på korleis det skal finansierast. Foto: Sveinung Kyte / TV 2

Trygve Slagsvold Vedum har tatt turen opp til Tromsø eins ærend for legge fram den nye arbeidsplanen for Nord-Norge tysdag klokka 10. Planen inneheld ei rekke grep for å bygge opp landsdelen. Og dei aller fleste kostar mykje pengar.- Ikkje noko parti i moderne politisk historie har lagt lista høgare i Nord-Norge, seier Skjalg Fjellheim, politisk redaktør i Nordlys, om lovnadane som har kome frå Senterpartiet dei siste åra.Også TV 2-kommentator Aslak Eriksrud meiner at det som kj