100 dagar på mars:

Helikopterets dramatiske flytur

Roveren Perseverance har vore på Mars i 100 dagar, i lag med helikopteret Ingenuity. No går dei inn i ein ny fase – å leite etter spor av tidleg liv. Men i forrige veke blei det dramatisk for helikopteret.

INGENUITY: Helikopteret Ingenuity har hatt seks flyturar på Mars. Den siste turen gjekk ikkje etter planen. Foto: AP/NTB/NASA/JPL-Caltech
INGENUITY: Helikopteret Ingenuity har hatt seks flyturar på Mars. Den siste turen gjekk ikkje etter planen. Foto: AP/NTB/NASA/JPL-Caltech

Romfartøyet Perseverance landa på den raude planeten 18. februar.1. juni markerte roveren sin dag nummer 100 rekna i mars-dagar, som blir kalla sol (etter solar day). Ein dag på Mars er litt lengre enn ein dag her på jorda.