Restauranteigar i Trondheim stenger – oppmodar til skippertak

Etter ein lang periode med låge smittetal, stig smitten igjen i Trondheim. Dagleg leiar ved Café Ni Muser stenger dørene for helga, og håpar fleire gjer det same.

Då Café Ni Muser i Trondheim stengde som normalt fredag kveld, planla dei ikkje for opning laurdag morgon.

Etter ein lang periode med lite smitte, har smittetala i byen gjort eit stort byks inn mot helga. Med 33 nye smittetilfeller registrert siste døgnet, meiner dagleg leiar ved restauranten, Geir Barstad, at bransjen må gjere sitt for å slå ned utbrotet.

– Me må ta eit skippertak no for å stoppe smitten. Då må me heller bruke denne helga til å gjenvinne kontrollen, slik at me kan opne meir utover sommaren, seier Barstad til TV 2.

DAGLIG LEIAR: Geir Barstad er dagleg leiar ved Cafè Ni Muser i Trondheim. Han stenger no restauranten frivillig for å vere med på dugnaden.
DAGLIG LEIAR: Geir Barstad er dagleg leiar ved Cafè Ni Muser i Trondheim. Han stenger no restauranten frivillig for å vere med på dugnaden. Foto: Frank Lervik/TV 2

Han håpar fleire i bransjen vil hive seg med på dugnaden, slik at også Trondheim kan bli med på den nasjonale gjenopningsplanen.

– Me går ei hektisk tid i møte for bransjen. Me har mykje å ta igjen. Viss me skal komme ut av dette på sikt, er me heilt avhengig av ein god sommar.

Konsekvensane av festhelga kjem til syne

Det er ikkje berre Trondheim som opplever høge smittetal no.

Etter ei veke med fint vêr og feiringar, stig smitten i fleire kommunar i Noreg.

Kommunaldirektør i Trondheim, Morten Wolden, er uroa for situasjonen.

– No får me etterdønningane etter 17. mai-helga, der det har vore utstrakt festing i private lag og ute på byen. Det er ei haldning i byen som at pandemien er over, seier Wolden til TV 2.

UROA: Kommunaldirektør Morten Wolden er uroa for smittesituasjonen i Trondheim. Foto: Ole Martin Wold / NTB
UROA: Kommunaldirektør Morten Wolden er uroa for smittesituasjonen i Trondheim. Foto: Ole Martin Wold / NTB

No ber han trønderane om å la festinga ligge.

– Me ber folk om å skjerpe seg, ta det med ro og ikkje dra på fest. Spesielt denne helga.

Blanda kjensler om skjenking til midnatt

No vil også Ni Muser medverke til å avgrense festinga denne helga. Dei planlegg å opne igjen på tysdag, når det er mindre trøkk på serveringa.

Men Barstad legg ikkje skjul på at han synest det er synd å sjå kor smittetala aukar no.

– Me var på siste kneika før me såg lyset i tunnelen, men så går det utfor.

Sjølv om han verker etter å kome tilbake til normalen, meiner han det er viktig at opninga skjer roleg og kontrollert.

Denne lappen møter dei som ønskjer besøke Café Ni Muser i helga.
Denne lappen møter dei som ønskjer besøke Café Ni Muser i helga. Foto: Frank Lervik/TV 2

Difor har han blanda kjensler når det gjeld lettingane i skjenkereglane, med utvida skjenkeløyve til midnatt.

– Bransjen er avhengig av å kome i gang igjen. Men samstundes er det jo skummelt. Det blir vanskelegare å halde kontroll seinare på kvelden.

Sjølv har han brukt siste året på å tilpasse seg det nye tilværet som koronapandemien har medført.

Han har utvida området for uteserveringa, og dermed lagt betre til rette for godt smittevern. Det håpar han å få utnytte neste helg.

– Me vurderer å halde uteserveringa open neste helg, men då må me ha vêret med oss.

Relatert