KORONA-KAOS: Koronakrisa i India rystar omverda. Kapasiteten på krematoria er sprengd, difor blir mange døde kremert i parkar og på parkeringsplassar.
KORONA-KAOS: Koronakrisa i India rystar omverda. Kapasiteten på krematoria er sprengd, difor blir mange døde kremert i parkar og på parkeringsplassar. Foto: Altaf Qadri, AP

Difor kan krisa i India vere farleg for oss alle

India set stadig nye smitterekordar. Ekspertane er klare: Dette er farleg for omverda også.

Vi har høyrt det før, men krisa i India gjer bodskapen endå tydelegare: I denne pandemien er ingen trygge før alle er det.

Frykar global pandemi-katastrofe

Utviklingsminister Dag-Inge Ulstein (KrF) åtvarar om at krisa i India kan skape ein global pandemi-katastrofe.

India er ein av verdas største vaksineprodusentar og er ein viktig leverandør av vaksinar til det globale vaksinesamarbeidet COVAX.

Utviklingsminister Dag Inge Ulstein (KrF) åtvarer om ei global katastrofe.
Utviklingsminister Dag Inge Ulstein (KrF) åtvarer om ei global katastrofe. Foto: Martin Leigland / TV 2

– Katastrofen som no rammar India kan raskt bli ei global vaksinekrise. Mange lav- og mellominntektsland er avhengige av leveransar frå India. Dette viser tragisk tydeleg at pandemien må nedkjempast globalt, seier utviklingsministeren i ei pressemelding.

New Delhi, India: Nok ein pasient er avvist av sjukehuset fordi det ikkje er plass. Det er også akutt mangel på oksygen i India.
New Delhi, India: Nok ein pasient er avvist av sjukehuset fordi det ikkje er plass. Det er også akutt mangel på oksygen i India. Foto: Altaf Qadri/AP

Ulstein peikar på at dersom krisa i India fortset, kan vaksineleveransar til andre land bli kraftig forseinka. Det kan føre til enorme konsekvensar for utbreiinga av pandemien globalt med nye store utbrot i andre land.

Norge skjerpar reiseråda

Også utanriksminister Ine Eriksen Søreide (H) er klar i si tale:
Utanriksminister Ine Eriksen Søreide (H) fortel at Norge skjerpar reiseråda til India.
Utanriksminister Ine Eriksen Søreide (H) fortel at Norge skjerpar reiseråda til India. Foto: Thomas Evensen / TV 2

– Situasjonen i India er svært alvorleg. Smittespreiinga er heilt ute av kontroll, og helsevesenet er ikkje i stand til å handtere dette, seier utanriksministeren til TV 2, og legg til at regjeringa no skjerpar reiseråda til India og omkringliggande land.

Men trass i at omverda svarer med skjerpa reiseråd og endå strengare karantenereglar, så er smitten i India så enorm at den uansett spreier seg vidare til andre land.

Og India er eit skremmande døme på kor fort det kan gå, seier helsedirektør Bjørn Guldvog.

– India hadde fram til for nokre veker sidan ein ganske god kontroll. Det minner oss om at situasjonen er sårbar i alle land, og at det er nødvendig med stor merksemd heile vegen. India er også uheldig med at det har etablert seg eit nytt virus, som kanskje er meir smittsamt enn det vi har sett tidlegare.

Ny mutant vekker uro

Guldvog viser til den nye virus-mutanten B.1.617, som har fått tilnamnet dobbel-mutanten. Avdelingsdirektør i Folkehelseinstituttet, Line Vold, forklarer:

– Den har to mutasjonar i spike-proteinet, som vi veit er viktig for kor smittsam den er og som også kan påverke effekten av vaksiner.

Dobbel-mutanten har allereie spreidd seg til ei rekke land, også i Europa.

Line Vold er avdelingsdirektør i Folkehelseinstituttets avdeling for smittevern og beredskap.
Line Vold er avdelingsdirektør i Folkehelseinstituttets avdeling for smittevern og beredskap. Foto: Truls Aagedal / TV 2

– Den er antakeleg meir smittsam på grunn av desse to mutasjonane. Når det gjeld effekt av vaksiner på denne varianten så kan vi ikkje sei noko sikkert, seier Vold.

Det er gjort eit par studiar som viser at det kan vere noko redusert effekt av antistoff mot denne mutanten.

– Men vi kan ikkje på grunnlag av dette seie at vaksinane har redusert effekt, seier Vold. Ho legg til at FHI ikkje er veldig uroa over mutanten.

– Men den er på lista over variantane vi følgjer nøye med på.

Fryktar endå farlegare mutantar

Ekspertar peikar også på eit anna stort problem: Til lengre smitten får spreie seg utan kontroll i India, til større fare for at det dukkar opp endå fleire, og endå farlegare, mutantar.

Nok ein pårørande i sorg etter å ha mista ein av sine nærmaste til Covid-19. Tala på omkomne har eksplodert i India, og mørketala er truleg store.
Nok ein pårørande i sorg etter å ha mista ein av sine nærmaste til Covid-19. Tala på omkomne har eksplodert i India, og mørketala er truleg store. Foto: Anupam Nath/AP

Dette uroar også helseminister Bent Høie (H).

– Vi er i ein situasjon der det vil oppstå nye mutantar heile vegen. Difor må vi ha auka beredskap for å kunne handtere ein slik situasjon.

Den største frykta er at vaksinane til slutt vil komme til kort, men så langt ser det ut til at vaksinane er effektive mot dei mutasjonane som er kjende.

– Pandemien er som ein eld som må sløkkast frå alle retningar. Det er ikkje tid for å slappe av no, avsluttar utviklingsminister Ulstein.

Relatert