FOLKEOPPRØR: Erling Larsen blei skadd for livet etter at det tok fem timar før han fekk akutthjelp etter hjerneblødning. I 2017 var han med og demonstrerte for akuttsjukehus i Alta. Den same saka har fått Alta Venstre til nekte å drive aktiv valkamp for moderpartiet.
FOLKEOPPRØR: Erling Larsen blei skadd for livet etter at det tok fem timar før han fekk akutthjelp etter hjerneblødning. I 2017 var han med og demonstrerte for akuttsjukehus i Alta. Den same saka har fått Alta Venstre til nekte å drive aktiv valkamp for moderpartiet. Foto: Jarle Mjøen/Altaposten

Lokallaget sikra Venstre 1200 stemmer i 2017, men vil ikkje drive valkamp i år

Sist val lova Venstre akuttsjukehus i Alta, det klarte ikkje partiet å halde. Dermed får dei heller ingen drahjelp i dette valet frå det største lokallaget i Finnmark.

Alta Venstre har vedtatt å ikkje drive aktiv valkamp for Venstre i år. Stemmene Venstre kan gå glipp av, kan avgjere om partiet kjem over eller under sperregrensa, meiner valforskarar.

– Vi er skuffa, seier leiar i Alta Venstre, Tommy Hæggernæs, om løfebrotet til moderpartiet.

HAR IKKJE TRUA: Leiar i Alta Venstre, Tommy Hæggernæs, har ikkje trua på at Venstre sentral vil gjere meir før valkampen for sjukehus i Alta.
HAR IKKJE TRUA: Leiar i Alta Venstre, Tommy Hæggernæs, har ikkje trua på at Venstre sentral vil gjere meir før valkampen for sjukehus i Alta. Foto: Privat

Under sist stortingsval blei Alta lova at klinikken skulle bli til akuttsjukehus og fødeavdeling. Men då Venstre stemde ned Frp og Sp sitt forslag om akuttsjukehus i Alta våren 2020, vedtok Alta Venstre å boikotte valkampen i år. I seinare tid har lokallaget moderert vedtaket til at dei ikkje skal drive ein aktiv valkamp.

– Vi har pressa på Venstre sentralt om at noko må skje slik at vi faktisk kan stå med rak rygg i valkampen.

Men så langt har ikkje Hæggernæs og lokallaget blitt høyrt av Venstre.

– Venstre burde gått ut av regjering

Alta kommune er den einaste kommunen i Noreg med eit innbyggartal på over 20.000, som har lengst reiseveg til lokalsjukehuset sitt som ligg i Hammerfest, 14 mil unna. Nabokommunen Kautokeino har 24 mil reiseveg til Hammerfest. Kampen om akuttsjukehus i Alta har pågått i fleire år.

– Då Frp gjekk ut av regjering på grunn av at Noreg henta heim ein person frå ein flyktningleir, så synest eg vi burde gått ut av regjering på grunn av sjukehussaka, seier Hæggernæs.

STEL VELJARAR: Kampen om sjukehus i Alta har pågått i fleire år. I april stilte Pasientfokus liste til stortingsvalet, med Irene Ojala i front (andre f.v). Fleire parti i Vest-Finnmark mistar veljarar og lokalpolitikarar til lista. Bildet er frå 2017 då Pasientfokus tok med seg 11.000 postkort frå Finnmark til Stortinget i sjukehuskampen.
STEL VELJARAR: Kampen om sjukehus i Alta har pågått i fleire år. I april stilte Pasientfokus liste til stortingsvalet, med Irene Ojala i front (andre f.v). Fleire parti i Vest-Finnmark mistar veljarar og lokalpolitikarar til lista. Bildet er frå 2017 då Pasientfokus tok med seg 11.000 postkort frå Finnmark til Stortinget i sjukehuskampen. Foto: Mariam Butt

– Open mistillit

Alta Venstre er det nest største lokallaget til Venstre i Troms og Finnmark, og under stortingsvalet i 2017 fekk Venstre 1600 stemmer frå Finnmark, av dei var 1200 stemmer frå Alta.

Hæggernæs trur at dersom dei ikkje er aktive i valkampen, kan Venstre sitte igjen med ikkje meir enn 500 stemmer i Finnmark.

– Venstre har ingen veljarar å miste, så dette er jo uheldig for partiet, seier valforskar ved Institutt for samfunnsforskning, Johannes Bergh.

Det meiner også førsteamanuensis Jonas Stein ved Universitet i Tromsø (UiT), som selv har vært aktiv i partiet.

GÅR TILBAKE: Valforskar ved UiT, Jonas Stein, peikar også på den siste NRK-målinga, der Venstre er nede på 1,2 prosentpoeng, og seier tilbakegangen er enorm.
GÅR TILBAKE: Valforskar ved UiT, Jonas Stein, peikar også på den siste NRK-målinga, der Venstre er nede på 1,2 prosentpoeng, og seier tilbakegangen er enorm. Foto: John Trygve Tollefsen

– Det å ikkje drive valkamp er jo ein open mistillit til partiet, så det blir vanskeleg å sjå korleis dei då skal få veljarar, seier Stein.

Men begge forskarane er også samde om at det er spesielt at eit lokallag vedtar å ikkje drive aktiv valkamp.

– Det er ei drastisk løysing, eg kan ikkje komme på liknande eksemplar, seier Bergh.

Venstre-leiar Guri Melby meiner Venstre har kjempa kampen for sjukehus i Alta. På spørsmål om kva ho tenker om at lokallaget no ikkje vil drive valkamp for partiet, svarer Melby at ho opplever dei har eit godt samarbeid.

LANDSMØTE: Guri Melby under talen til landsmøtet som starta fredag.
LANDSMØTE: Guri Melby under talen til landsmøtet som starta fredag. Foto: Lise Åserud

Samstundes innrømmer leiaren at Venstre er nøydde å arbeide for å sanke stemmer i distrikta dette valet.

– Vi må jobbe for å få høgare oppslutnad i heile landet, og vise at vi er relevante på mange områder.

I skvis

Sjølv om Alta Venstre har vedtatt å ikkje drive aktiv valkamp, innrømmer Hæggernæs at dei står i ein skvis då Venstre-politikar frå Alta, Trine Noodt, står som 1. kandidat til stortingsvalet for Finnmark.

– Ho er ein reell stortingspolitikar, og det vil gagne sjukehussaka. Så der er vi ein skvis, seier Hæggernæs, og utdjupar at det er ein av grunnane til at lokallaget modererte det første vedtaket om å boikotte valet.

Relatert