Her klarer ikkje brøytebilen å halde seg på vegen

Fylkesvegen på Reinøya har skapt nasjonal merksemd. No lovar fylkeskommunen å fikse den.

Onsdag morgon skulle brøytebilsjåfør Stig Erik Utheim prøve seg på fylkesvegen på Reinøya. Resultatet kan ein sjå i videoen over.

– Det er katastrofe. Eg forstår at yrkessjåførane nektar å køyre her, seier Utheim.

ELENDIG: Slik såg fylkesvegen på Reinøya ut då TV 2 besøkte øya på onsdag.
ELENDIG: Slik såg fylkesvegen på Reinøya ut då TV 2 besøkte øya på onsdag. Foto: Nils Ole Refvik

Yrkessjåførane han snakkar om er mjølkebilsjåføren, postbudet, søppelbilen og skulebussjåføren som alle no nektar å køyre på øya i Troms og Finnmark.

Det var Nordlys som først omtalte brøyteforsøket, og fanga det på film.

Tårevåt seanse

På Torsdag fortalte TV 2 om bøndene Elisabeth Johansen og Jonny Eliassen som har kasta fleire tusen liter fersk geitemjølk rett i sluket, fordi mjølkebilen ikkje kjem seg fram på den elendige fylkesvegen.

– Verdien ved å stå å mjølke geit, for så å vite at det skal gå rett i sluket, det er spesielt, sa Johansen tydeleg prega av seansen.

SLØSERI: Elisabeth Johansen er opprørt over at dei er nøydde til å tømme ut mjølka dei produserer.
SLØSERI: Elisabeth Johansen er opprørt over at dei er nøydde til å tømme ut mjølka dei produserer. Foto: Nils Ole Refvik

Etterslepet på fylkesvegnettet i Troms og Finnmark er på 12 milliardar kroner. Tal TV 2 har henta inn viser at etterslepet nasjonalt har auka frå 20 milliardar kroner i 2010 til minst 75 milliardar kroner no.

– Skal skrape saman pengar

No lovar fylkesråd for samferdsel i Troms og Finnmark, Kristina Hansen (Ap) eit akutt utbetring av vegen på Reinøya. Det var Nordlys som først omtalte lovnaden.

FIKSAR VEGEN: Fylkesråd Kristina Hansen (Ap) lovar betre vegar på Reinøya.
FIKSAR VEGEN: Fylkesråd Kristina Hansen (Ap) lovar betre vegar på Reinøya. Foto: Nils Ole Refvik

– Over helga er det eit vêrvindaug, då skal vi få maskiner og folk ut, seier Hansen.

Hansen seier også at dei skal lage ei langvarig utbetring av vegane på øya.

– Eg skal tilbake til reknearket for å skrape saman pengar, seier fylkesråden.

Vegane har jo vore dårlege i fleire tiår, kvifor gjer de noko først no?

Det veit eg ikkje. Eg har vore fylkesråd i halvanna år, og i fjor hadde vi ikkje denne situasjonen, seier Hansen, som også ønsker å etablere eit grusvegprogram i fylket.

Inviterer Hareide på kaffi

På Reinøya jublar bøndene.

PUSTAR UT: No kan bøndene Jonny og Elisabeth snart få levere mjølka.
PUSTAR UT: No kan bøndene Jonny og Elisabeth snart få levere mjølka. Foto: Nils Ole Refvik

– Det er fantastisk. Eg skal ikkje vere utakknemleg, men det er på tide, seier Johansen.

No oppmodar ho også Samferdselsminister Knut Arild Hareide (KrF), til å ta seg ein tur nordover.

– Han skal få seg ein invitasjon. Håpar han har såpass ryggrad at han tar seg ein tur til Nord-Norge.

Blei ståande fast

Etter videoen av brøytebilsjåføren på Reinøya, tok det ikkje lang tid før han blei ståande fast i grøfta på øya.

– Eg synest det er rart at ikkje vi nektar å køyre her, det er uforsvarleg. Men inntil arbeidsgjevaren seier stopp skal eg klare å halde meg fast, seier Utheim.

Relatert