Senterpartileiar Trygve Slagsvold Vedum vil skattlegge vindkraft på same måte som vasskrafta har vore skattlagt, der lokalsamfunna sit igjen med meir pengar.
Senterpartileiar Trygve Slagsvold Vedum vil skattlegge vindkraft på same måte som vasskrafta har vore skattlagt, der lokalsamfunna sit igjen med meir pengar. Foto: Goran Jorganovich / TV 2

Reagerer etter nye funn: – Dette må vi ta tak i

Regjeringa får gjennomgå etter nye avsløringar i rapport om utanlandsk eigarskap i vindkraftnæringa.

- Dette er veldig uheldig. Dette må vi ta tak i slik at mest mogleg kjem tilbake til Noreg, seier senterpartileiar Trygve Slagsvold Vedum etter at TV 2 presenterer nye tal frå ein rapport om vindkraftnæringa.

I rapporten frå Tax Justice Network - Norge (TJN), kjem det fram at 40 prosent av vindkraftverk i Noreg er eigd frå skatteparadis. Rapporten har også konkludert med at det er ein høg risiko for at overskot frå vindparkane blir flytta ut av Noreg.

Dagleg leiar i TJN - Norge, Sigrid Klæboe Jacobsen, seier til TV 2 at i nokre tilfelle var det umogleg å finne ut av kven dei reelle eigarane var, fordi spora stoppa i skatteparadis.

Bilder av  på  Sigrid Klæboe Jacobsen  i Tax Justice, utenfor sitt hjem på Tøyen.
Bilder av på Sigrid Klæboe Jacobsen i Tax Justice, utenfor sitt hjem på Tøyen. Foto: Martin Berg Isaksen / TV 2

– Dei utanlandske eigarane har høgare gjeld og dyrare lån. Det kan tyde på overskotsflytting, seier Klæboe Jacobsen.

- Kan ikkje fatte og begripe

No ønsker både ordførarar og sentrale politikarar høgare skattlegging av vindkraftnæringa.

Vedum meiner at måten vasskrafta er skattlagt på, der kommunane får naturressursskatt, har vore ein suksess.

– Det må vi også sjå på på vindkraft også, seier Vedum.

Lars Haltbrekken frå SV vil ha endå strengare tiltak då han får høyre om funna i rapporten.

Lars Haltbrekken (SV) vil endre vindkraftpolitikken til regjeringa radikalt, og innføre offentleg eigarskap.
Lars Haltbrekken (SV) vil endre vindkraftpolitikken til regjeringa radikalt, og innføre offentleg eigarskap. Foto: Vidar Ruud

– Dette er heilt vanvettig og det viser eit sterkt behov for offentleg eigarskap av dei ressursane, slik at desse inntektene kjem fellesskapet til gode, og ikkje nokre spekulantar i skatteparadis.

To av vindparkane rapporten har sett lys på er Egersund vindkraftverk og Bjerkreim vindkraftverk. Vindparkane er eigd av same utanlandske selskap, og har stor gjeld og høge lån som kan tyde på overskotsflytting, ifølgje rapporten.

Både Bjerkreim kommune og Eigersund kommune får eigedomsskatt på til saman 32 millionar kroner frå vindkraftverka. Men ordførarane i Bjerkreim og Eigersund krev at regjeringa no innfører naturressursskatt i revidert nasjonalbudsjett.

Sjølv om Eigersund kommune får inn 24 millionar i eigedomsskatt frå Egersund vindkraftverk, forventar ordførar Odd Stangeland at regjeringa innfører naturressursskatt.
Sjølv om Eigersund kommune får inn 24 millionar i eigedomsskatt frå Egersund vindkraftverk, forventar ordførar Odd Stangeland at regjeringa innfører naturressursskatt. Foto: Kristian Myhre / TV 2

– Det var eit stortingsfleirtal som før jul sa at dette skulle på plass. Det sa dei så tydeleg, og det er knapt eit parti på Stortinget som er imot dette. Eg kan ikkje fatte og begripe at vi ikkje kan få dette på plass, seier ordførar i Eigersund, Odd Stangeland.

– Regjeringa har gjort det verre

Allereie i november 2019 kunne TV 2 avsløre at Tellenes vindpark var finansiert med store interne lån, som gjorde at morselskapet på Cayman Islands kunne sikre seg skattefrie renteinntekter og samstundes redusere det skattbare overskotet i Noreg.

Også den gong ønskte både ordførarar og sentrale politikarar skattereglane på vindkraft endra.

TV 2 spora pengestraumen frå Tellenes vindpark i Rogaland til Cayman Islands.
TV 2 spora pengestraumen frå Tellenes vindpark i Rogaland til Cayman Islands. Foto: Kristian Myhre / TV 2

Då finansdepartementet fekk spørsmål om skattlegginga på vindkraftnæringa, svarte statssekretær i Finansdartementet, Jørgen Næsje, at vindkraftnæringa har hatt gunstige avskrivingsreglar fordi næringa ikkje var lønsam, og trong insentiver.

Jørgen Næsje, Statssekretær, Finansdepartementet (Frp), sa til TV 2 i 2019 at dei skulle vurdere skattereglane på vindkraft.
Jørgen Næsje, Statssekretær, Finansdepartementet (Frp), sa til TV 2 i 2019 at dei skulle vurdere skattereglane på vindkraft. Foto: Jan Helge Rambjør

– Vi får vurdere korleis dei korleis dei reglane er framover. Dersom det er ikkje er grunnlag for ein gunstig regel, så kan den vurderast oppheva, sa Næsje den gong.

Både Tellenes vindpark og Eigersund vindkraftverk solide overskot i 2019.
Over eit år etter at Næsje sa regjeringa skulle vurdere skatt dersom bransjen blei lønsam, er stoda den same.

I samband med overskotsflytting sa også Næsje at regjeringa hadde betra renteavgrensingsreglane, slik at store renteutbetalingar til utlandet skulle avgrensast.

Der meiner økonomiprofessor og leiar for Norwegian Center of Taxation, at regjeringa berre har gjort det verre.

– Denne regjeringa har svekka desse reglane ved at dei endra regelen til det verre for slike selskap, og då opnar det opp for skatteplanlegging som er lovleg, men tillet for mykje, seier Guttorm Schjeldrup.

– Vi må hugse at selskapa bruker norsk natur og utnyttar ei grunnrente som vi ikkje tar oss betalt for, seier Guttorm Schjeldrup.
– Vi må hugse at selskapa bruker norsk natur og utnyttar ei grunnrente som vi ikkje tar oss betalt for, seier Guttorm Schjeldrup. Foto: Robert Reinlund / TV 2

Skal vurdere å endre skatten

Verken Olje- og energidepartementet eller Finansdepartementet ønsker å stille til intervju.

Statssekretær i Finansdepartementet Magnus Thue (H), skriv på vegne av regjeringa i ein e-post til TV 2 at regjeringa jobbar kontinuerleg med å finne gode løysingar på problem som gjeld overskotsflytting og skattetilpassing.

Thue skriv også at dei vil kome tilbake med eigne vurderingar på skatt på vindkraft i revidert budsjett som blir lagt fram 11. mai.

Relatert