Hilde (58) skulle berre heim til Norge. Så small det på flyplassen

Sjukepleiar Hilde Nilsen hadde vore i Jemen for å hjelpe til under korona-pandemien. Krigen heldt seg på avstand under opphaldet. Heilt til ho var på flyplassen på veg heim.

Nilsen sit med strikketøyet i fanget heime på Hamar.- Strikking har blitt terapi, seier ho med eit smil.- Det er så avslappande. Eg må fokusere på masker og ikkje andre ting.Det har blitt mykje strikking etter at ho kom heim frå Jemen på nyåret.Nilsen reiste til Aden sør i Jemen i november i fjor for å jobbe på covid-sjukehuset til Det internasjonale røde kors, eit sjukehus som blei sendt ned frå Norge. Jemen har vore herja av krig sidan 2014, og pandemien kjem på