Ny rapport: Nesten halvparten av norsk vindkraft er eigd frå skatteparadis

40 prosent av norske vindkraftverk er eigd frå skatteparadis, seier ny rapport. Konsekvensane kan vere at nordmenn må betale meir skatt, meiner professor.

OVERSKOTSFLYTTING: I ein ny rapport frå Tax Justice Network kjem det fram at Egersund Vindkraftverk er finansiert frå Luxembourg, og at det er stor fare for at overskotet blir flytta ut av Noreg. Foto: Chris Ronald Hermansen/ TV 2

På eit år produserer Egersund vindkraftverk i Rogaland grøn energi nok til å forsyne 20.000 husstandar. Det tilsvarer alle husstandane i vertskommunen Eigersund, pluss eit par nabokommunar på toppen.Men i 2019 produserte vindparken også noko anna grønt. Nemleg sitt første overskot sidan oppstarten i 2017. Vindparken selte kraft for 137 millionar og hadde eit driftsoverskot på 53 millionar kroner.Men ikkje éi krone frå overskotet vil gå i skatt til Noreg, viser ein ny rapport frå