Jobben eg elska blei helseskadeleg for meg
Eg måtte forlate barnevernet. Noko anna ville ha vore å gamble med eiga helse.

Eg elska å jobbe i barnevernet. Eg elska å få til dei gode, djupe og ekte samtalane. Eg elska at eg kunne bruke orda mine til å skape tryggleik og tillit, og vere ein trygg bauta for barn og foreldre som hadde det vanskeleg. Eg elska å kunne bidra til positive endringar i familiar.
Og dei gongene eg måtte gjere det verst tenkjelege; å flytte barn ut frå heimen sin, er eg glad eg visste kva eg kunne seie og gjere for at det skulle skje på mildast mogleg måte. Eg er glad for at eg hadde moglegheit til å bruke makta eg hadde i ei slik stilling, når det var heilt nødvendig og til det beste for barna.
Kjentes som kjærleikssorg
Eg elska då barn og foreldre takka meg for hjelpa. Då dei sa at dei hadde fått eit nytt og betre syn på barnevernet etter å ha vore i kontakt med oss. Eg elska at jobben utvikla meg både som menneske og som fagperson. At eg kunne bruke meg sjølv og den eg er, til noko godt og meiningsfullt for einskildmenneske og for samfunnet.
Eg elska det, og då eg slutta i jobben kjentes det som ei kjærleikssorg. Men for meg var det tvingande nødvendig å gå. Noko anna ville ha vore å gamble med eiga helse.
Når ein jobbar i barnevernet opplev ein mange former for stress og belastningar. Éin ting er alt ein har av oppgåver og ting ein skal rekkje over, ein anna er den emosjonelle belastninga ein kan oppleve i jobben. Sekundærtraumatiseringa ein kan få av å snakke med menneske som har opplevd eller står i krise.
Visste ikkje om eg orka å leve
Å jobbe i barnevernet var ein veldig stor del av livet mitt. Heilt til det tok over heile livet. Eg kom til eit punkt der det ikkje var noko att av meg. Eg fekk stadig sterkare reaksjonar, både psykisk og psykosomatisk. Eg som var «ho positive», hadde plutseleg så negative tankar at eg ikkje kjende meg sjølv att. Eg var for så vidt fornøgd med livet, men eg var så sliten at eg ikkje visste om eg lenger orka å leve det. Eg byrja å merke på kroppen og psyken kva det kan gjere med ein person å bli utbrent.
Jobben eg elska hadde gradvis blitt usunn og helseskadeleg for meg. Eg forstod at det snart ikkje gjekk lenger.
Men eg måtte berre halde ut litt til. Eg hadde ei rettssak eg skulle i og rapportar eg ikkje var ferdig å skrive. Det storma i fleire av sakene mine. Det storma i barn sine liv, rettare sagt. Eg måtte klare å halde ut litt til, for å ikkje svikte barna. Det siste dei trengte var å få endå ein ny person å forhalde seg til. Dei trengte meg.
Fekk kritikk uansett
Når ein i tillegg les og høyrer så mykje negativt om si eiga yrkesgruppe, får kritikk uansett kva ein gjer og ikkje får tilstrekkjeleg støtte… Over tid kan det bli mykje å stå i. Og dess meir stressa og sliten ein blir, dess meir utfordrande blir det. Dette bør det bli meir fokus på og det bør takast på alvor!
Eg fekk ofte kompliment av både kolleger, leiing, samarbeidspartnarar og familiar. Det var hyggjeleg å høyre at eg var flink og fagleg dyktig, men det eg trengte å høyre var: «Korleis har du det? Korleis er dette for deg å stå i? Eg tenkjer at dette må vere tøft, kva kan vi gjere for at du skal ivaretakast best mogleg medan du ivaretek barna og familiane i denne situasjonen?» Dét ansvaret ligg på leiarnivå.
Og for at leiarane skal kunne ta det ansvaret, så må det leggjast til rette for at også dei skal ha tid og energi. Skal leiinga spele dei tilsette «på golvet» gode og leggje til rette for at dei kan gjere ein god jobb, eller skal dei utelukkande tilfredsstille dei over seg?
Leiinga bør ta det på alvor
I barnevernet er det kontaktpersonane som er verktøyet. Og når verktøyet ein brukar i arbeidet er slitt, dårleg vedlikehaldt og nær ved å bli øydelagt, så seier det i grunn seg sjølv at resultatet blir deretter.
Eg vil ikkje stakkarleggjere barneverntilsette, men «folka på toppen» bør ta på alvor kva det faktisk gjer med menneske å jobbe i barnevernet. Dei bør slutte å få tilsette til å føle seg som forbruksvarer. Dei bør få på plass verneutstyr slik som ein har i andre yrker!
I barnevernet treng ein ikkje vernesko og hjelm, men ein treng haldningar, kultur, rutinar og ein måte å leie på som vernar, vedlikeheld, ivaretek og oppgraderer kontaktpersonane. Kontaktpersonar som har det bra, fungerer og er i tipp topp stand, er det beste verktøyet å bruke i det viktige arbeidet med å hjelpe barn og familiar i vanskelege livssituasjonar. Eit slikt verktøy treng ein ikkje å bytte ut så ofte… Har ikkje kommunen fokus på det bærekraftige?
Eg vil avslutte med å seie til kvar enkelt kontaktperson: Vit kva du er verdt. Ta vare på deg sjølv og gjer det du sjølv kan for å ivareta eiga helse og ha det bra. Det er dét du kan gjere!
Eg veit at du vurderer å bytte beite. Og dersom leiinga snart ikkje forstår, blir du kanskje nødt til det. Eg veit at du ynskjer å hjelpe og å bidra positivt inn i andre sine liv - men ditt liv er faktisk like viktig. Ikkje la det gå for langt. Pass på så du ikkje svelg for mykje vatn og druknar, du òg.
Innlegget vart først publisert i BA.