– Ikke sett maken på 40 år

Burde vi vurdere evakueringsvarsling slik dei har i sørstatane i USA under orkansesongen?, spør Eli Kari Gjengedal.

KRAFTIG: Det blåser kraftig i Tromsø. Foto: Daniel Berg Fosseng / TV 2
KRAFTIG: Det blåser kraftig i Tromsø. Foto: Daniel Berg Fosseng / TV 2

Nyttårsorkanen i 1992 er truleg noko alle vi over 25 år hugsar. Det blas så heftig på Vestlandet at vindmålarane våre ikkje hadde sjans til å plukke opp den kraftigaste vinden. Målarane blas rett og slett bort.

Det var ei nasjonal katastrofe vi var vitne til den gongen. Skogar vart raserte, båtar blas fleirfoldige meter inn på land. Hus vart knust og jamna med jorda. Eg hugsar godt den natta sjølv. Eg var 21 år og vakna opp av at taket på sauefjøsen oppe på Henjum i Leikanger hadde blese bort. Takplatene rulla rundt i garden og var livsfarlege. Dei var som roterande sagehjul der ute. Bonden Ola måtte inn til sauene og skulle forsere dei sylskarpe takplatene over tunet på vegen frå inngangsdøra til sauefjøset. Det var totalt kaos og kjempefarleg. Når orkanen roa seg hugsar eg at bryggene oppover heile Systrond var meir eller mindre kunst og det låg rekved langt inn i fjøresteinane. Sengane våre på loftet rista om natta, dei formeleg flytta seg bortover golvet. Det var ikkje spøk. 

Då nyhetene byrja på radioen om morgonen kunne ein rapportere om skadene langs heile vestlandskysten. Den giftige halen til orkanen hadde truffe Sunnmøre og heile skogteigar var raserte, hus var knust til pinneved. Det såg ut som nokon hadde lugga ut nevar med skog. Meteorologisk institutt sa at dette vart den kraftigaste orkanen som hadde nådd fastlandet i Norge nokon sinne. Dei hadde ikkje sett noko som var i nærheten sidan orkanen på Galnemåndag 11. mars 1822. Dei kraftigaste kasta i nyttårsorkanen vart estimert til 65 m/s noko som tilsvarer heile 234 km/h! Orkanen var ein kategori 2 orkan. Etter dette marerittet av eit uvær vart ekstremværvarslinga i Norge etablert for fyrste gong. Statistisk sett skulle vi oppleve ein slik orkan kvart 200 år. Det vi hadde opplevd på Vestlandet var rett og slett ein 200-årsorkan. Men allereie i 2011, berre 19 år seinare kom ekstremværet Dagmar innover Vestlandskysten, ein orkan som likna mykje på nyttårsorkanen i 1992. Dagmar var også ein kategori 2 orkan og slo godt i får seg over vestlandet. Det var katastrofe fleire stader.

Eli Kari Gjengedal er væranker og TV 2-profil. Foto: Penelope Alida Larsen / TV 2
Eli Kari Gjengedal er væranker og TV 2-profil. Foto: Penelope Alida Larsen / TV 2

No sit vi her igjen, med ein orkan meteorologar med meir enn 40 år i bransjen ikkje har sett makan til. Den treff litt lenger nord og er hissig som få. Etter mine berekningar er det ikkje meir enn 32 år sidan nyttårsorkanen i 1992 og 19 år sidan Dagmar. Kva hende med dei 200 åra som det statistisk sett skulle gå før ein slik orkan skulle treffe oss igjen? Det manglar 168 år, med andre ord fleire generasjonar. Eg til dømes, skulle jo ikkje oppleve ein slik orkan som nyttårsorkanen igjen etter statistikken. Likevel sit eg her og føl med på eit udyr som i løpet av dei neste 24 timane vil treffe oss.

Varmare vær gjev drivkraft til hyppigare ekstremvær. Det er ikkje til å misforstå. Temperaturane stig, vi har sett ny januarrekord i Europa i år med 30, 7 grader i Gavarda i Spania. Generelt har temperaturen lege mellom 5 og 10 grader over normalt i dette området! Mest sannsynleg kan det være denne varmen som har vore bensinen til Ingunn som no spinn over oss i eit voldsomt tempo. Er det slik at vi her i landet burde vurdere evakueringsvarsling slik dei har i sørstatane i USA under orkansesongen?