Det er no det skjer
Det klimaforskarane sa ville skje i framtida for 30 år sidan, er skremmande korrekt.

Så er vi her! Vi er inne i framtida. Vi er her framme i den tida vi snakka om for snart 30 år sidan, og for min del har vore ein del av kvardagen og arbeidet mitt i alle desse 30 åra. Eit fokus eg har hatt og ei bekymring som har lege latent i solar plexus heilt sidan 90-talet. Det er absurd og ikkje så lite overraskande at 30 år har gått … for det verka så langt fram!
Men no er det point of no return. For slik er det når ein er i nuet. Det skjer no! Ikkje i går eller i morgon. Men no, as we speak!

Eg trudde på klimaforskarane og meteorologane den gongen på 90-talet då eg skjønte at vi dreiv rovdrift på moder jord, noko som ikkje er bra for oss. Eg trudde på forskarane på 2000 talet då eg for alvor starta å jobbe med vær og klima. I 2010 vart eg endå sikrare på at det var noko i det dei sa for eg merka ei markant endring i arbeidet mitt.
Og no i 2023 er fasiten her og ikkje minst ein smakebit på kva vi har framfor oss. Klimaforskarane har vore ekstremt flinke. Det dei sa ville skje i framtida for 30 år sidan er skremmande korrekt. I 2000 rekna forskarane seg mellom anna fram til at det ville regne 20 prosent meir på Vestlandet om 20 år. Det viser seg at det regnar 18 prosent meir i dag enn det gjorde då! Slike tal kan ein ikkje fornekte.
Men stopp ein halv! Kva var det forskarane våre eigentleg sa den gongen på midten av 90 talet?
Dei sa villare, våtare og varmare vær. Overskrifta i seg sjølv kan verka spanande, nesten litt forlokkande og vakkert. For kven vil vel ikkje vere villare, våtare og varmare enn sin føreseielege og kvardagslege versjon? Det er som ein god fest. Men fest på speed som aldri tar slutt, er plutseleg ikkje så moro lenger.
Når været blir ei plagsam og forsterka versjon av seg sjølv vert det uuthaldeleg å vere i lag med. Konsekvensane av villare, våtare og varmare er ikkje akkurat «to die for». Og i alle fall ikkje når vi må leve med det til døden skil oss ad og kanskje etter det også.

Hetebølger som varer og varer, skogbrannar og flammeinferno. Tørke og varmerekordar. Styrtregn, jordskred og flaum. Orkanar og stormfloer. Lange kuldeperiodar, nedising og store snømengder. Dette står på menyen oftare og oftare.
Kven skulle trudd at det nærmast ikkje går an å reise til Syden på sommaren lenger? At det er så varmt at friske folk i sin beste alder kan falle om på gata som følge av hete langt over kroppstemperatur. Kven skulle trudd at ein kan få dagar med 20 grader på Svalbard? Kven skulle trudd at det skulle pøse ned opp mot 200 mm nedbør over 2 døgn i augaust på Austlandet, sjølvaste regnskuggen! I alle fall ikkje dei som bur der. Det er mykje vi er vitne til i 2023 som vi ikkje hadde ofra ein tanke på 90-talet. Med mindre ein hadde høyrt på forskarane sjølvsagt.
Det har blitt ropt varsku i alle desse 30 åra. Men det har vore som å rope noko ut i mørke natta midt på Hardangervidda utan folk i mils omkrets. Det har kanskje vore nokre få som har oppfatta eit rop, men ikkje høyrt innhaldet i det som vart sagt. I alle fall ikkje alvoret i det.

Bli med inn i huset to dager etter dette
Kloden kokar folkens, det er no det skjer. Ballen rullar fortare og fortare. Ein kan bli rasande av mindre og ikkje minst skuffa over at så få har høyrt ropa og tatt dei på alvor så langt. Tenk om vi hadde gjort nokon alvorlege endringar på dei 30 åra som har gått sidan ein skjønte at noko var i gjære, det skulle ikkje meir til enn å leve med eit forbruk slik det var på 60-talet. Vi hadde det ganske fint då også.
Skal tru om nokon har tenkt å gjere noko som monnar? Skal tru om nokon vil ta grep og gjere endringar slik at vi kan klare å leve i dette infernoet av eit vær? No samlast alt som kan krype og gå på Arendalsuka om nokre dagar. Det blir spanande å sjå om kvardagen vår i framtidsværet står på agendaen!