
Departementet burde smakt konsekvensane
Ikkje aktivistane.
I går dansa nordlyset over Vestland, og kanskje andre plassar i landet òg.
Det gjekk kaldt nedover ryggen på meg, då det einaste eg klarte å tenke på var Fosen-samane og aktivistane ved Olje- og energidepartementet (OED).
Etter samisk kultur er nordlyset noko som skal fryktast og respekterast.
Då nordlyset flagra på himmelen blei det sett på som eit vondt varsel.

Og som vi såg i natt, kan dette ha vore eit vondt varsel, då aktivistane vart kasta ut av OED i natt.
Menneskerettsbrot
«Det er opp til makta hvor lenge vi blir her», sa Ella Marie Hætta Isaksen til NRK dei første dagane av aksjonen.
Ho er ein av aksjonistane som tok seg inn på Olje- og energidepartementet.
Bakgrunnen for aksjonen er at Fosen vindkraftverk er blitt ulovleg bygd og bryt menneskerettane til samane, men OED, regjeringa og Stortinget har valt å ikkje gjere noko med det.
Eg vil gjenta sitatet til Isaksen «Det er opp til makta hvor lenge vi blir her».
For kven er makta nå?
Maktfordelingsprinsippet er noko som står demokratiet vårt nært.
Eit prinsipp som deler makta i landet vårt på tre: storting, regjering og domstol.
Dette skal vere tre uavhengige organ, og ingen av desse organa skal dominere over kvarandre.
Så kvifor har vi i Noreg eit pågåande menneskerettsbrot på over 500 dagar?
Skal ikkje demokratiet vårt sikre at dette ikkje skjer?
La fjella leve
Det er opp til makta, men kva makt?
Ei makt som i natt viste at fredelege unge aktivistar skal få konsekvensar, men ikkje OED som ikkje tek stilling til ein dom i høgsterett.
Det er skremmande. For kven er makta då?
Eit menneskerettsbrot på 500 dagar som har gått over to ulike storting, to ulike regjeringar, og to ulike utval i OED.
Så kven er makta?
Nokon vil seie at makta i dag sit på heimekontor grunna aksjon på OED.
Eg vil seie at makta i dag sit utanfor OED, framtida sit der, framtida sine Fosen-samar som skal drive kulturen vidare, og dagens ungdom sit der.
Baajh vaeride årrodh – La fjella leve.
Svare på kronikken? Brenner du inne med noe? Send oss din mening på debatt@tv2.no