SER Ei NEGATIV UTVIKLING: Helsesjukepleier Ragnhild Markhus ser at flere av dei unge slit meir enn tidelegare. Foto: Geir Johnny Huneide / TV 2
SER Ei NEGATIV UTVIKLING: Helsesjukepleier Ragnhild Markhus ser at flere av dei unge slit meir enn tidelegare. Foto: Geir Johnny Huneide / TV 2

Dei får det verre kvar einaste dag

I møte med ungdommane ser eg no bekymringar som veks og beveger seg mot angst og tunge tankar mot depresjon.

Lærarstreiken har no vedvart lenger enn dei fleste i forkant orka å frykte, og det er lett å forstå at konflikten er opprørande for dei som er direkte part i den.

Tru meg, eg har gjennom jobben i skulehelsetenesta fått ein enorm respekt for alt arbeidet lærarar legg ned i møte med elevane sine, for å ruste dei som menneske, like mykje som å ruste dei fagleg.

(Denne kronikken er et svar på Guro Sibeko sin kronikk som ble skrevet på TV2.no 20.09.2022)

Angst og tunge tankar

Lærarane skal ikkje gjere min jobb i det daglege. Heller ikkje BUP, PPT eller foreldre sine ansvarsområde skal dei dekke. Som helsesjukepleiar er eg likevel no mest bekymra for korleis streiken som har vart sidan 20.juni går ut over ein svak tredjepart: barna og ungdommane.

Eg og mine kollegaer er på jobb på skulane, og kan følge opp ungdom der. Deriblant ungdommar som sjølv innsiktsfullt set ord på kva denne unormale kvardagen gjer med dei. Det er snakk om mange unge som til dagleg klarer seg greit, men som no får det langt vanskelegare.

I tillegg møter vi dei mange som strevar til vanleg, og som får det tyngre no. Fordi menneske, og kanskje særleg dei unge, treng rutiner i kvardagen. Forutsigbarhet, rammer, sosial trening, stabilitet.

I møte med ungdommane ser eg no bekymringar som veks og beveger seg mot angst, tunge tankar mot depresjon, behov for orden og struktur mot tvangstankar og -handlingar, vanskar med å frivillig oppsøke sosiale arenaer, fordi det nettopp er det sosiale ein strevar med.

Problem kan utvikla seg

Frå pandemien veit vi også at mangel på struktur i kvardagen kan føre til overfokus på kontroll av mat og trening, som vidare kan utvikle seg skremmande raskt til alvorlege eteforstyrringar. Fordi den oppretthaldande kvardagsstrukturen, som skulen er ein vesentleg del av, forsvinn. Dette er menneskeleg.

Vi veit mykje om kva det kan gjere med eit menneske å havne utanfor arbeidslivet, både på kort og lang sikt. Skulen er ungdommane sitt arbeidsliv.

Vi kan ikkje forvente eit samfunn som er rigga for at barn og ungdom har fri på dagtid (som døgnåpne fritidsklubbar) når normalen (heldigvis!) er at dei er på skulen.

Og ja, alle nevnte instansar burde absolutt vore styrka, men som lærarar kan de vere stolte over at de til vanleg skaper ein kontinuitet i kvardagen til barna/ungdommane, og at den i seg sjølv er særdeles meiningsfull, og bidrar til å førebygge psykisk uhelse.

Eg seier ikkje at det ikkje er gode grunnar for å streike, men at streiken per no går ut over liv og helse, det meiner eg er heva over all tvil.

Ikkje fordi vi manglar skulen som behandlar, men fordi vi manglar den forebyggande arenaen skulen representerer, ved å gje barn og ungdom kvardagsrammer.

Svare på kronikken? Brenner du inne med noe? Send oss din mening på debatt@tv2.no