Sykepleier Karoline Hasle Einang tar et oppgjør med salget av underlivssåpe Foto: Privat
Sykepleier Karoline Hasle Einang tar et oppgjør med salget av underlivssåpe Foto: Privat
Mening

Underlivet ditt skal ikke lukte jasmin og pære!

Korleis kan ein marknadsføre eit produkt som er totalt overflødig og tjene pengar på det?

«Vaskar du deg mykje vaginalt?» spørr eg pasienten min; «med såpe? Plagene du beskriver kan stemme overeins med forstyrra bakterieflora.» Ho kikker rart på meg; «Sjølvsagt gjer eg det. Eg kjøper intimvask heime i Ukraina. Intimvask med Klorhexidin.»

Eg får grøssningar; Klorhexidin desinfeksjonssprit inne i skjeden? Kvifor i alle dager skal ein ønske å fjerne alle bakterier ein stad der bakteriene skal vere? Jo, fordi bakteriar er synonymt med sjukdom, lukt og skittenheit.

Fordi vi har lært at vi skal vere reine og pene, også (særleg) dei intime, skjulte stadane. Slike produkt blir marknadsført mange stader, men heldigvis ikkje i Noreg.

Eller blir dei det? Eg er på Kiwi og kikker på Asan Intimvask i butikkhylla. Intimvask. Vask for intime stader på kroppen, kvar er det eigentleg? Vaginalt? Penis?

Vagina renser seg sjølv, pleier eg å minne pasientane mine på. Ein treng ikkje å bruke såpe bak forhud på penis heller.

Huda som finnes desse stadene tek større skade enn den har vinning på overdreven vask.

Når vi vaskar bort viktige bakterier fører det til at huda blir tørr, vond og meir utsatt for infeksjoner og andre plager som bakteriell vaginose og soppinfeksjon.

Informerer om utenvendig vask

Det gjeld også når ein bruker produkt utan Klorhexidin, som (heldigvis) er mindre vanleg i Noreg.

Korleis kan ein marknadsføre eit produkt som er totalt overflødig og tjene pengar på det? Eg kjem raskt på kvifor eg barberer leggane mine med (relativ) regelmessigheit; fordi Gilette og andre høvelprodusentar har bedt meg om det.

Eit raskt søk på Google viser at fleire av produsentane er einige i at intimvask skal brukes utvendig, og informerer om dette.

Men pleier folk flest å lese meir enn det som står på flaska når ein allereie står der i dusjen og vil bli rein?

Min mistanke er at vi ikkje er godt nok informert om korleis vi skal behandle kroppen vår, og tek det for god fisk at intimsåpe kan brukes på intime stader.

Det kan jo sjølvsagt virke som ein god ide å vaske bort vond lukt og kløe med mild intimvask som lover «frisk duft» og ein «behageleg følelse», når det eigentleg er det motsette underlivet skrik etter.

Det er fint at vi snakkar om vulva, penis og underliv, at produsentane av intimpleie har underlivsguide på nettsteda sine og at kropp har blitt kulare å snakke høgt om.

Fiolett bomull

Vi må berre klare å snakke enda meir om det, høgare, og seie dei riktige tinga. Desse produkta er kraftige bidragsytere til at unge mennesker tenker at det er noko gale med kroppen, fordi det intime ikkje luktar «fersk jasmin pære» eller «fiolett bomull», og produsentane står klare til å selge det produktet du eigentleg ikkje ville trengt dersom dei ikkje hadde funne opp behovet.

DeoDoc har til dømes gjort god butikk i å selge deodorant for underlivet, og influensere slenger seg på for å promotere produkta til unge jenter. Det er ikkje akkurat eit produkt som tidlegare har vore sakna i butikkhyllene.

Det kunne jo gått an å endre namn på eindel av desse produkta. Til dømes kunne intimvask heite «utanfor-underlivsvask» eller «ikkje bruk denne på slimhinne-vask». Ein kunne marknadsført produkta ved å seie tydeleg kvar dei kan og ikkje kan brukes.

Eller, skal vi rett og slett nøye oss med utvendig vask med vatn?

Deilig, frisk vatn med mild duft som etterlet ein «frisk og god kjensle» og droppe underlivsdeo slik at produsentar ikkje kan tjene pengar på underlivsplager og usikkerheit?

(Innlegget sto først på trykk på bt.no 26.oktober.)

Svare på kronikken? Brenner du inne med noe? Send oss din mening på debatt@tv2.no

Relatert