Mening

– Skremmande å tenkje på rusreforma

Skal vi ha ein ruspolitikk som gjer det enklare for folk å byrje med narkotika?

På fredag la regjeringa fram sitt forslag til ny rusreform. Dei vil at ein skal kunne gå rundt med fleire brukardosar til eige bruk lomma utan å bli straffa for det. Er dette god ruspolitikk, eller ei gåvepakke til hasjrøykande partyungdom?

Dei fleste er einige om at tunge rusmisbrukarar skal få hjelp. Med dette forslaget frå regjeringa fryktar eg at terskelen for kjøp og sal av narkotika blir mykje lågare. Noko som fyrst og fremst går ut over usikre ungdomar og vaksne som tek feil val. Skal vi ha ein ruspolitikk som gjer det enklare for folk å begynne med narkotika?

Straff kan være viktig virkemiddel

Bruk av narkotika har store konsekvensar for enkeltindividet, for familie og venner, nærmiljø og for samfunnet som heilskap. Narkotika øydelegg heile liv og heile familiar. Tunge rusmisbrukarar må få hjelp, men straff kan vere eit viktig verkemiddel for å stoppe folk frå å begynne å utforske narkotika i utgangspunktet. Når ein no fjernar politiets moglegheit for å straffe dei som brukar narkotika, er eg redd det vil auke bruken av narkotika i befolkninga.

Eg er sjølv ungdom og syns det er skremmande å tenkje på at eg i framtida skal reise på fest der narkotikaen flyt rundt, utan at det er straffbart. Då forslaget var ute på høyring var politiet tydelege på at dei frarådar denne reforma, fordi den tek frå dei mange av verkemidla dei har for å avdekke bruk og besittelse. Dei meiner også at det vil gjere det vanskelegare å hjelpe barn og unge i risikosona.

Kvar er logikken?

For å setje ting i perspektiv: Med det nye forslaget vil det altså vera straffbart å drikke alkohol på offentleg plass, men ikkje å bruke narkotika. Kvar er logikken i det?

Vi må kunne ha to tankar i hovudet på ein gong. Vi må hjelpe dei tunge rusmisbrukarane som er sjuke og treng hjelp, samstundes som at vi må kunne stoppe dei som røyker hasj på fest fordi det er «lættis». Hovudmålet med ruspolitikken bør vere at så få som mogleg skal bruke narkotika. Ikkje å gjere det enklare å bruke.

Svare på kronikken? Brenner du inne med noe? Send oss din mening på debatt@tv2.no

Relatert