Oslo 20200618. 
Leder for Arbeiderpartiet, Jonas Gahr Støre, oppsummerer det politiske halvåret på en pressefrokost på utestedet Blå i Oslo.
Foto: Stian Lysberg Solum / NTB scanpix
Oslo 20200618. Leder for Arbeiderpartiet, Jonas Gahr Støre, oppsummerer det politiske halvåret på en pressefrokost på utestedet Blå i Oslo. Foto: Stian Lysberg Solum / NTB scanpix Foto: Stian Lysberg Solum
Mening

Arbeidarpartiet tek ansvar

Noreg har ei regjering som er meir oppteken av å bevare og handtere makt enn av faktisk å styre landet.

Noreg har ei regjering som er meir oppteken av å bevare og handtere makt enn av faktisk å styre landet. Gang på gang har opposisjonen i Stortinget tatt ansvar der høgreregjeringa har kasta korta og abdisert.

Dette fell stortingsrepresentant Heidi Nordby-Lunde (H) tungt for brystet, som tyr til eit blodfattig angrep som mest av alt slår tilbake på hennar eige parti.

Å ta ansvar for landet og arbeidsplassar er like sjølvsagt for Arbeidarpartiet som det er for Høgre å gje skattekutt til rikfolk.

Krisa vi er inne i har synleggjort ei kraftlaus regjering, utan vilje eller evne til å gjere det som er nødvendig.

Arbeidarpartiet og Jonas Gahr Støre har denne våren jobba døgnet rundt i Stortinget for å sikre norske arbeidsplassar, verdiskaping og rettferdig fordeling.

Det har gitt resultat. Utan Ap hadde ikkje dei første krisepakkane hatt ein sosial profil. Det blei raskt tydeleg etter nedstenginga av landet at arbeidstakarar med låg utdanning og inntekt blei hardast ramma.

Derfor sørgja vi for betre inntektssikring til desse, til foreldre med barn som var sjuke eller i karantene, til sjølvstendig næringsdrivande og permitterte lærlingar.

I dei neste forhandlingane bidrog vi til at det blei tatt i bruk sterke verkemiddel, som nedsett arbeidsgivaravgift og målretta løyvingar for at bedrifter med ein sunn økonomi skulle ha ein reell sjanse til å klare seg gjennom krisa.

For Arbeidarpartiet er det heilt nødvendig med kraftig politikk no, både for å unngå uoppretteleg skade på sårbare grupper og svekking av velferda, og for å sørgje for at arbeidsløysa ikkje bit seg fast på eit høgt nivå.

Viss vi ikkje stiller opp for folk i ei krise, vil krisa berre bli forsterka. Derfor bidrog vi på nytt til å sikre vedtak i Stortinget som får hjula i gang i vår viktigaste næring. Slik kan petroleumsindustrien fortsette å gi arbeidsplassar og verdiskaping, samtidig som vi stiller kraftfulle krav om utsleppskutt og grøn omstilling.

Arbeidarpartiet er til å stole på. Vi inngår forlik når det er nødvendig og til det beste for landet. Vårt mål er ein betre kvardag for vanlege folk på jobb. Gjennom ein politikk for arbeid til alle, eit rettferdig grønt skifte, og gode velferdstenester når vi treng dei, uavhengig av postnummer eller størrelsen på lommeboka.

Den urolege tida vi no er inne i har på nytt demonstrert behovet for eit breitt folkeparti med tunge styringstradisjonar og ansvarlegheit i ryggmargen. Med Arbeidarpartiet veit veljarane kva dei får. Dei let seg neppe lure av eit blodfattig angrep frå Heidi Nordby-Lunde og Høgre.