Mening

reisebrev fra Et London i koronakrise:

«Det er ein fullstendig anna stemning»

Eit London i korona-krise byr på mange absurde scener.

– Det e` eg som E Widerøe, og EG sier de skal på dette flyet, brøler Bård inn i telefonen.

Eg visste denne turen kom til å bli ein suksess då vi traff på Bård på Flesland.

Widerøe-Bård.

Av den breiale bergenske typen du ikkje trur fins på ordentleg. Som kunne vore hovudperson i kva som helst flyplass-serie.

– No har dokkar ødelagt røykepausen min, gliser han.

Men både Widerøe-Bård og Avinor-mannen som eg og fotograf Pål treff i den nesten tomme avgangshallen på Flesland verkar strålande nøgd med å endeleg ha eit par reisande igjen.

Vi er på veg til Storbritannia på den første jobbreise mi etter koronakrisa, og etter litt roping i telefonen har Bård fått oss av melkeruta via Aberdeen, og direkte til Liverpool. Avinor-mannen fortel oss at denne fredagen etter påske er Widerøe Europas største flyselskap.

Å reise til Storbritannia med eit Dash-8 propellfly med berre sju reisande om bord er ganske så spesielt. Kabinpersonalet har munnbind på, men sikkerhetsdansen er den same som før. Fleire av passasjerane har forresten også munnbind på. Mat er det ikkje å få lenger, men kanskje koronakroppen berre har godt av det.

Vi landar på John Lennon International Airport, og må spasere ein liten halvkilometer til ankomsthallen. Vi er dei einaste passasjerane der, og bagasjen står klar då vi kjem. Leigebilen blir levert direkte til oss på parkeringsplassen, og vi set kursen mot London.

Aldri har eg sett færre bilar på motorvegen i England.

Vi passerer Birmingham og Stoke-on-Trent, og ser ein påkjørt fasan av alle ting, midt i vegbana. Litt flåsete tuller vi om at det er naturen som tar vegen tilbake!

Sidan media er rekna som nøkkelpersonell, får vi ordna oss rom på hotellet ovanfor parlamentet og Big Ben. Men alle måltid må skje på rommet og spisesalen er reservert til berre stab frå helsevesenet. Nærleiken til St Thomas-sjukehuset over gata er grunnen til at hotellet er eit av ytterst få i millionbyen som får lov til å halde åpent.

Når rommet skal reingjerast har stuepiken på seg munnbind.

MED MUNNBIND: London-bebuarar som vernar seg på handletur. Foto: Kjetil Iden/TV 2
MED MUNNBIND: London-bebuarar som vernar seg på handletur. Foto: Kjetil Iden/TV 2

Det er ein fullstendig anna stemning i London enn den hektiske, støyande tida eg har opplevd under mange «brexit-turar» dei siste åra.

Dei første dagane lager vi saker på kontrasten til korleis metropolen vanligvis framstår og slik det er no, og vi lagar sak på norske Oda som er nyutdanna sjukepleiar og jobbar på St Thomas. Over 100 helsearbeidarar har så langt døydd i kampen mot viruset, og også Oda kjenner er både usikker over framtida og stolt over.

Eit steinkast unna Hamleys-butikken i Regent Street låser oljefondets påtroppande sjef oss inn i lokala til hedgefondet AKO Capital mandags ettermiddag. Vakta er borte, og posten ligg i haugar innanfor døra. Han fortel at han framleis gler seg til å ta fatt på jobben som sjef i oljefondet, og at det blir ein stor endring for han og familien.

INTERVJU: Påtroppande sjef i Oljefondet, Nicolai Tangen. Foto: Pål Sørum Schaathun/TV 2
INTERVJU: Påtroppande sjef i Oljefondet, Nicolai Tangen. Foto: Pål Sørum Schaathun/TV 2

– Jeg har bodd her i nesten tretti år. Det er dette som er hjemme, seier Nicolai Tangen.

Tirsdag redigerer vi sak på verdas mest nydelege familie. Du veit, ein slik som i Roberto Bengigni sin «La Vita e Bella». Den om han som trass all elendigheten under andre verdenskrig klarar skape eit inntrykk av leik og moro for sonen sin. Det er den filmen eg tenker på når eg treff vesle Albert på veg til å kjøpe ingrediensar til bursdagskaka si, saman med lillesøster og mamma og pappa. Eg er overbevist om at Albert og lillesøster kjem gjennom dette med berre gode minner.

Men langt frå alle har det slik. Verken born eller vaksne.

Ved supermarkedet Tesco står fleire titalls menneske i kø, mange med munnbind, med to meters avstand for å handle det mest nødvendige. Utanfor døra sit ein tiggar. Ein heimlaus sit på gata og les The Evening Standard. Heile scena er heilt absurd.

MED GOD AVSTAND: London-bebuarar står i kø for å få handla mat. Foto: Kjetil Iden / TV 2
MED GOD AVSTAND: London-bebuarar står i kø for å få handla mat. Foto: Kjetil Iden / TV 2

På kveldsjoggen i Archbishop’s park tirsdag kveld er mange ute. Varmen har plutseleg slått inn over London. Fuglesangen du vanlegvis knapt legg merke til kan høyrast klart i den stille kvelden. Benkane er stengde med sperreband, men mange ligg omslynga på plenen i kveldssola. Tre unge menn har tatt vektstanga med ut og trener styrke.

Skuggane er lange i parken like ved St Thomas-sjukehuset, der mange sjuke framleis kjempar mot viruset. Eit ungt par par med ein baby i vogna passerer. Kvinna er raud i fjeset og blank i augene.

VÅRKVELD: Joggere i Archbishop's park. Foto: Kjetil Iden/TV 2
VÅRKVELD: Joggere i Archbishop's park. Foto: Kjetil Iden/TV 2

Kanskje er dei pårørande. Kanskje er det berre denne intense, vanskelege usikre tida vi alle opplever. Om vi bur i London, Oslo eller Milano. Eller kanskje er det berre allergi.

For eg har i alle fall aldri kjent syrindufta sterkare enn i kveld i London.