Presentasjon
av Kristine Malde LendeØystein MaltSyver Storm-FurruSarah pressa det ho kunne. Ho hadde prøvd det meste av stillingar, men babyen ville ikkje ut.
Då Sarah Sofie Daniloff (35) skulle føde sitt første barn på fødestova i Alta, gjekk mykje gale.
To jordmødre og to legar prøvde det dei kunne for å få babyen ut. Etterkvart fekk dei hastverk.
– Dei stakk ei sprøyte i underlivet, og klipte meg opp utan å seie ifrå. Det kjentest som eit overgrep, seier Sarah.
Det som hende 8. februar 2020, blei vurdert som så alvorleg at fødestova ikkje fekk gjennomføre fødslar på seks døgn.
Opplevinga har endra Sarah sitt syn på politikk.