Siste nytt

TV 2 Play
Min konto
20. november 18:43

Mann dømt etter «ring og spring»-angrep

Foto: TV 2

Ein mann (40) er dømd til fengsel i eitt år og tre månadar etter eit økseangrep mot ein tenåring (15) i Bergen i oktober i fjor. Seks månadar av fengselsstraffen er på vilkår.

I tillegg til grov kroppsskade, er mannen også dømd for eitt tilfelle av forsøk på kroppsskade på ein anna ungdom, samt to tilfelle av trugslar mot ytterlegare to andre ungdommar.

«Skadene ville utan helsehjelp skapt fare for blødning og infeksjon, og i verste fall død», konkluderer Hordaland tingrett om økseangrepet mot den 15 år gamle guten.

Valdsepisoden skjedde i forbindelse med at ein gjeng med ungdommar i 15-16 årsalderen leika «ring og spring», fredag 14. oktober i eit nabolag sørvest i Bergen. 

Ungdommane forklarte i retten at dei minst fire gangar ringte på hjå mannen (40) denne kvelden. 

Då ein av dei gjekk opp til huset for å banke på vindauget på verandadøra, kom mannen fram og sprang etter gutane. Han slo etter ein av dei med øksa og traff 15-åringen to gongar i ryggen, samt ein gong i hovudet og i handa.

«Slag med øks, særlig mot hodet, er gruoppvekkende. Voldsutøvelsen og skadene var utvilsomt svært skremmende, både for fornærmede og andre som var til stede», heiter det i dommen.

Mannen erkjente straffskuld for økseangrepet mot 15-åringen, men nekta straffskuld for fire tilfeller av forsøk på kroppsskade mot fem andre ungdommar.

Han er frikjent for eitt forsøk på å slå ein ungdom med øksa. For to av tiltalepunkta har tingretten bestemt seg for å heller dømme for trugsmål.

– Domfelte må få litt meir tid til å vurdera dommen og kva han skal gjere vidare. Men han har fått vesentleg mildare straff enn påtalemakta krevde, og det framstår fornuftig av tingretten, seier forsvarar Marius Wesenberg til TV 2.

14 minutter siden
16:28
16:09
16:04
15:45

Tips TV 2

Har du tips, bilder eller video om saken?