Regjeringa vil kutte kraftig i prisen på flyruter i distrikta frå 1. april 2024
Regjeringa vil redusere billettprisane og styrke rutetilbodet på FOT-rutene, skriv dei i ei pressemelding.
– Dei regionale flyrutene er ein viktig del av samferdselstilbodet i distrikta. Derfor har Regjeringa vedteke å styrke rutetilbodet og redusere billettprisane i dei komande FOT-utlysingane med avtaleoppstart i 2024, seier samferdselsminister Jon-Ivar Nygård.
I FOT-utlysingane, som kjem seinare i vår, vil regjeringa gjennomføre desse tiltaka:
- Billettprisane på FOT-rutene er i dag regulert gjennom maksimalt tillate billettprisar, full fleksibel éin veg. Desse vert halvert frå 1. april 2024 for rutene betjent med fly i Sør-Noreg og Nord-Noreg og for helikopterruta Værøy–Bodø frå 1. august 2024.
- Betre tilgjengelegheit frå Helgeland og nordover.
- Styrka korrespondansekrav, færre krav til forbindelsar, og ny FOT-rute mellom Kirkenes og Tromsø skal styrke transporttilbodet mellom Aust-Finnmark og Tromsø.
- I den komande konkurransen vil det bli stilt krav om at flyet skal stå nattparkert på Røros lufthamn, då det er problem med morgontåke i periodar av året på flyruta Røros–Oslo.
- Flyruta Stord–Oslo tas inn i FOT-ordninga.
- Når den nye avtalen trer i kraft 1. august 2024 blir maksimal billettpris på helikopterruta Værøy–Bodø halvert.
Der marknaden aleine ikkje gir eit tilfredsstillande flyrutetilbod kan samferdselsdepartementet kjøpe flyrutetenester etter ein offentleg konkurranse blant flyselskapa, og vert pålagt såkalla forpliktingar til offentleg tenesteyting (FOT) på flyruter. Der er det krav til billettpris, kapasitet, frekvens og ruter.
Retting: NTB meldte først at endringane trer i kraft 1. april. Det riktige er at endringane trer i kraft 1. april 2024. Feilen vart retta onsdag 15. mars klokka 09.15.