
Drapsdømt 30-åring ankar domen
Mannen (30) som vart dømt for drapet på Sunniva Borgen (23) i Bergen i fjor haust, ankar domen.
Han meiner straffen er for streng, opplyser forsvarar Torbjørn Sognefest.
– Domfelte har valt å anke straffutmålinga, det er soleis tale om ei avgrensa anke. Den straffa som tingretten utmålte er slik me ser det ikkje i samsvar med rettspraksis. Dette vert tydeleg når tingretten utmålte markert strengare straff enn aktor sin påstand, seier han.
Sunniva Borgen døydde som følgje av det aktor kalla «massiv overvald». Ho vart slått ei rekkje gonger i ansiktet, før ho vart påført minst 50 knivstikk i ansiktet og overkroppen.
Den domfelte er ekskjæresten til avdøde Borgen. Han vart dømt til 17 år i fengsel for drapet.
– Om det skal etablerast eit nytt straffenivå for drap i Noreg bør dette skje etter signal frå enten lovgjevar eller Høgsterett, seier advokat Sognefest.