Ville du kjørt inn her?

Det er det mange som må – dette er nemlig en fylkesvei.




Dette er forholda som møter bilistar og syklistar på Fv 611. Ein livsfarleg iskatedral som brukarane no krev sikra. (Foto: Privat/Ingunn Slettehaug/firda.no/ANB)
Dette er forholda som møter bilistar og syklistar på Fv 611. Ein livsfarleg iskatedral som brukarane no krev sikra. (Foto: Privat/Ingunn Slettehaug/firda.no/ANB)

Slik såg det ut i Frammarsviktunnelen på Rv 611 i Naustdal i midten av januar. I førre veke var det like ille igjen, og brukarane av vegen ber om at noko vert gjort, før det skjer ei alvorleg ulykke. Det skriv Firda.

– Bilda skriv seg frå perioden i midten av januar, men blei kanskje ikkje tatt på den verste dagen. Tilisinga skjer med jamne mellomrom. Når det er kaldt og frys på, blir forholda slik, seier leiar i Frammarsvik Helselag, Ingunn M. Slettehaug, og ropar eit kraftig varsku:

Fleire ulykker

– Vi veit om fleire ulykker der syklistar har velta, og bilistar som har mista styringa. Liv har ikkje gått tapt, men vi som kjenner plassen, sit med hjartet i halsen i frykt for at det skal komme nokon som ikkje kjenner tilhøva her, seier ho.

– Det kan vere snøfritt på vegen, og når dei kjem inn i tunnelen og oppdagar isen, kan det vere for seint, seier Slettehaug.

Del med Facebook-vennene dine

Ny kontakt

Dei tok kontakt med vegvesenet for tre år sidan, men ingenting har skjedd. Så tok helselaget og Frammarsvik Grendelag kontakt på nytt og vart gjort merksame på at dei burde gå via kommunen og fylkeskommunen.

– Det har vi no gjort, og fått respons frå kommunen umiddelbart. Men dei burde jo gjort noko før. Dette er ikkje ei ny sak, seier Slettehaug.

Mindre salting

Ho fortel at isproblemet tidlegare vart løyst med salting, men den store saltmengda førde til klager frå folk som var redde for bilane, og no blir det salta mindre.

– Eg som er i helselaget, har meir omsut for folk enn for bilane, seier Slettehaug som meiner det ikkje hjelper med mellombelse tiltak. No må det gjerast permanente utbetringar, krev ho.

Dårleg sikring

På Naustdals-sida av tunnelen er det også svært dårleg sikring. Støypekanten er låg og delvis manglande. Det er om lag 10 meter fritt fall utfor vegen, og deretter svært bratt ca. 70 meter rett i sjøen.

På andre sida står fjellveggen, og vegen er så smal at det ikkje er passering for to bilar, påpeikar helselaget og grendelaget.

– Vegen er mykje trafikkert, og noko må gjerast slik at vi kan ferdast trygt, seier Ingunn Slettehaug.

Du kan lese mer om bil og trafikk på firda.no – her:

LES OGSÅ: Denne veien er farlig – men ikke farlig nok