
Ser du hva som mangler her?
Veivesenet mener det skyldes dårlig vær...
Store mengder kvit plast frå øydelagde kvitstriper skjemmer ut grøftene langs E39 på Hafstadflata i Førde. Det skriver firda.no
Kvitstripene har flassa av i løpet av vinteren, og Vegvesenet leitar no etter årsaka til at dette har skjedd.
Ifølgje Åsmund Espe er det truleg dårleg vêr som er årsaka til kvitstripe-problemet.
Rakk ikkje å tørke
- Vi fekk trøbbel sist haust fordi det var vanskelege vêrforhold. Det var mykje nedbør, så vegbana rakk ikkje å tørke opp. Derfor vart det nok utført arbeid under forhold der ein normalt ikkje ville lagt kvitstripe, seier Åsmund Espe til Firda.
Kristen-Einar Midthjell i Statens vegvesen peikar også på feil på materialet eller brøyteskader i vinter som andre moglege årsaker.